Publisisten frå husmannsplassen

HUSMANNSPLASSEN. Marius Evjeberg voks opp på Evjeberget i Lofoten. Husa på teikninga er frå 1870-åra.
HUSMANNSPLASSEN. Marius Evjeberg voks opp på Evjeberget i Lofoten. Husa på teikninga er frå 1870-åra.
Publisert

Fiskeoppkjøparen Marius Evjeberg i Lofoten meinte han dreiv eit forlag med fire rekordar. Det var det nordlegaste, det yngste, det nyaste – og hadde den kortaste boklista.

Alt som 15-åring melde han seg inn i mållaget Vårvon i heimbygda. 39 år gamal skipa han Marius Evjebergs Forlag på Bøstad i Vestvågøy. Der gav han ut 86 bøker mellom 1946 og 1966. 84 av dei var på nynorsk.

Evjeberg var så mange stader. Han var omreisande talar for Noregs Ungdomslag. Han skipa Nordland fylkes målkontor i 1946 og var sekretær fram til 1960. Han redigerte bladet Midnattsol 1946–63 og Jul i Hålogaland 1947–59. I mange år sat Evjeberg i rådet for Norsk Skjemaforlag i Bergen, og han var styremedlem i Noregs Mållag 1950–54.

«Eg arbeider frå kl. 9–13 og 17–2. Kvar bidige dag har eg 4 timar gratisarbeid for målkontoret.» Inn på 1960-talet blei det likevel for mykje sjølv for han.

Han kjende uhorveleg mykje folk. Grunntonen i boklistene blei skapt av nordnorske forfattarar, men han hadde inga grense mot sør.

Skjønnlitterære bøker for vaksne dominerte. Heile 56 av titlane var skodespel for ungdomslag. Dei «går undan som snus», sa han og meinte det måtte vere lette, glade ting, ikkje greske tragediar. Siste boka var I skyming bliktar stjerner fram. Strofer frå Strilelandet av Olav Lavik i 1966. Dette var ei av dei første bøkene Norsk kulturråd kjøpte inn til norske bibliotek under dei nye innkjøpsordningane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement