Film

Quo bygdis?

Fuckings bygda verkar som ein lang kortfilm. Det hadde kanskje ikkje vore nødvendig.

Spelefilmdebuten til Frøydis Fossli Moe vann publikumsprisen på Oslo Pix og Oslo Fusion International Film Festival.
Spelefilmdebuten til Frøydis Fossli Moe vann publikumsprisen på Oslo Pix og Oslo Fusion International Film Festival.
Publisert Sist oppdatert

Unge Mariam (Dale) herjar på i hovudstaden, men må venda tilbake til bygda då systera Katrine (Moberg) ein dag ringjer. Grunnen? Urna til faren vart forbytt då dei hadde gravferd for tre år sidan.

Idyll-dall

Å, som eg lengtar etter sommaren når eg ser denne filmen! Det er som om lukta av granbar, lyng og blomar kjem gjennom lerretet. Bygda lengtar eg òg etter, både mi eiga og det som skulle gjera at ein film får tittelen Fuckings bygda. Om du no tenkjer på den gamle Lukas Moodyson-klassikaren Fucking Åmål (1998), er det forståeleg, men dei har særs lite med kvarandre å gjera, sjølv om dei kunne hatt overlappande tematikk og til tider har det.

Der filmen til Moodyson verkeleg får meg til å tenkja «fuckings bygda», er det gjort forbausande lite ut av dette i Fuckings bygda. Ja, me skjønar at Mariam har eit anstrengt forhold til Gudbrandsdalen, såpass at all dialekt har forsvunne på tre år og ikkje blir ørlite vekt til live når ho kjem heim att. Men det er også bygdeskildringar som uteblir nok til at eg stussar på at bygda er så fuckings – systera bur i eit idyllisk moderne hus som teke ut frå eit arkitektblad, venene Ask og Siri er også idylliske og moderne og som tekne ut frå ein Instagram-konto. Det er ikkje mykje bakstreversk bygd over noko – det mest bygdis-aktige er Mariam sjølv, med sitt hardnakka forsøk på å ikkje vera bygdis. Og akkurat det er for så vidt ganske truverdig.

Ingen røyk

Regissør og manusforfattar Frøydis Fossli Moe har vunne prisar både for denne og for kortfilmane sine før. Dei er fine, dei to systrene som berre har kvarandre, i spelefilmdebuten til Moe. Eg kunne tenkja meg å vita meir om dei. Det er ingenting i vegen med å lesa mellom linjene, men her er det mykje linjeskift og mindre tekst. Det er lite utvikling i personlegdomane, alt snakk og kjekling fører ikkje til meir forståing. Me skjønar jo at dei skal vera ulike, men kor er djupna?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement