Musikk
Raritetar i utval
Enkeltpersonorkesteret Aphex Twin samlar «djupe kutt» i utval til glede for store og små.
Albumet som no er ute, tek utgangspunkt i spesifikke Aphex Twin-konsertar.
Skjermdump frå YouTube
Den britiske produsenten Richard D. James, ein pioner innan sjangeren IDM (intelligent dance music), har halde musikkproduksjonen gåande sidan 1988. Blant dei mange artistnamna hans er Aphex Twin det mest kjende, og det er liten – meir presist ingen – tvil om at dette er eit av dei aller mest profilerte namna innan elektronisk dansemusikk.
Music From the Merch Desk (2016–2023) er eit samlealbum med materiale frå såkalla merch-sal i samband med spesifikke Aphex Twin-konsertar – høve som etter kvart har blitt storhende av proporsjonar – og inneheld 38 spor med ei samla speletid på 155 minutt og 56 sekund. Her er det med andre ord ikkje ny musikk som blir servert, men musikk som likevel vil vere ny for dei fleste.
Røft og abstrakt
Spora har namn som «T69T07 stasspa+3 [London 03.06.17]», og klammeteikna indikerer på kva konsert fansen først hadde høve til å sikre seg materialet i avgrensa vinylsingelopplag.
Her står relativt røffe og abstrakte greier, til dømes den mjuke støysnutten «T47 smodge [London 03.06.17]» og den minimalistiske synthvoggesongen «sk8 littletune HS-PC202 [London 03.06.17]», side om side med songar som ville passa som hand i silkehanske på kjende, «ferdige» Aphex Twin-album og -EP-ar, men kan hende har blitt valde bort under arbeidet med desse.
Leikent og spontant
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.