Bok

Replikkmakaren

Heidi Linde er ein skarp observatør og ein nøktern forteljar. Knappenålspresisjonen skaper eit lokkande syskrin av ein roman.

Heidi Linde debuterte med ei barnebok i 1998 og har skrive ei rekkje bøker for born og vaksne.
Heidi Linde debuterte med ei barnebok i 1998 og har skrive ei rekkje bøker for born og vaksne.
Publisert

Dei er tre søsken. Pertentlege Dyveke, rufsete Benedikte og ospelauvet Steffen. Dei er ikkje interesserte i kvarandre og har ikkje kontakt til dagleg. Men når faren ligg for døden, blir dei nøydde til å samlast. Det går sånn cirka bra.

Forfattarens signatur

Når eg opnar boka, veit eg ikkje kvar eg skal. Tre menneske som tilsynelatande er lausrivne frå kvarandre kjem til orde, i kvar sine kapittel. Dyveke er lærar og avdelingsleiar på mellomtrinnet og har ein godsleg, stabil ektemann. Benedikte er produksjonsassistent i svenske Twist TV og ligg med sjefen. Steffen er sparka frå eit transportfirma, og dama har gått frå han.

Trådane blir snart samla, og vi skjøner at desse er søsken. Resten av romanen blir fortald på same viset, ved at dei tre kjem til orde etter tur. Forteljinga er halden i tredjeperson, her er ikkje noko «eg», likevel står vi tett på personane, gjennom forfattarens allvitande posisjon.

I tillegg er forfattaren altskjønande. Ho skildrar korleis det kan vere å sitte på eit fly med ein unge sparkande i setet bak, og korleis ein mann på same flight skumpar borti armen hennar sjølv om ho har overlate armlenet til han, og ho skildrar to venninner som møtest, slik: «Hun åpna armene mot June som straks lot seg omfavne mens de begge to utstøtte en langtrukken, identisk lyd; en slags blanding av kattejamring og sukk.» Ho skildrar kor floskelaktig folk kan skrive i SMS-ar frå feriane sine: «Tid for lunsj: Mye god mat i godt drikke.» Slik teiknar ho samstundes opp miljøa rundt personane– og eit miljø som er rundt oss alle. Kvardagsobservasjonar, og treffande formuleringar av dei, haglar i denne boka.

Lesefryd

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement