Film

Resirkulert boksekamp

Creed II held seg til sportsfilmformelen utan overraskingar eller nye bidrag.

Michael B. Jordan spelar boksaren Adonis Creed, som har den gamle boksestjerna Rocky Balboa (Sylvester Stallone) som trenar.
Michael B. Jordan spelar boksaren Adonis Creed, som har den gamle boksestjerna Rocky Balboa (Sylvester Stallone) som trenar.
Publisert Sist oppdatert

Det er tre år sidan Rocky-serien vakna til liv att med Creed, om Apollo Creeds uekte son, Adonis (Jordan), og hans reise inn i bokseringen. Det var ein av dei beste filmane det året, ei hyllest til dei klassiske filmane – framfor alt Rocky I – samtidig som han staka ut eit nytt og interessant univers. Indie-regissør Ryan Coogler, i år aktuell med Marvel-filmen Black Panther, tok rase og klasse inn i sportsfilmformelen på framifrå vis. Han nytta sportsklisjeane som ein metafor for angst: ein ung mann på søking etter farsarven og familierøter han må gjere seg fortent til gjennom hardt arbeid.

Indre kamp

I starten har Adonis ein godt betalt kontorjobb i Los Angeles, men blir trekt mot bokseringen. Coogler nytta dette til å bryte ned motsetningar: Adonis er svart, men frå privilegerte kår. Han er kvitsnipparbeidar, men vil bli boksar – ein fattigmannsidrett. Han dreg til Philadelphia for å finne Rocky (Stallone), som til slutt går med på å trene nykomlingen. Som i den første Rocky-filmen handla Creed ikkje så mykje om å knuse ein vond rollefigur – tenk Ivan Drago og Sovjet i Rocky IV – som den indre kampen til Adonis: Han vil bli ein betre boksar for å finne seg sjølv.

Uklar kamp

Creed II slår ikkje like godt frå seg. Coogler er ute av regissørstolen, og inn kjem eit ukjent blad: Steven Caple jr. Han satsar på ein kumulativ effekt frå dei føregåande filmane. Personane er ikkje like heile og samansette som i Creed eller Rocky I. Passande nok er filmen då meir i slekt med Rocky IV, som tok filmserien til eit altfor karikert nivå. I Creed II blir nemleg Adonis utfordra av sonen til Ivan Drago, Viktor. Drago-klanen vil hemne tapet for 30 år (!) sidan. Rocky ber Adonis om å avvise utfordringa, ettersom Adonis alt er nyslått tungvektsmeister. Likevel takkar han ja til duellen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement