Bok
Rike reisedikt
Jo Eggen har skrive dikt om Ålandsøyane. Dei kan vi lære mykje av.
Jo Eggen.
Foto: Stine Friis Hals
Den sjette boka med reisedikt frå Jo Eggen – Ålandsøyene, upolitiske dikt – tek lesaren med til Åland, eit øyrike som består av over 6000 øyar og holmar mellom Bottenhavet og Austersjøen. Omgjeve av alt dette vatnet er det kanskje ikkje så rart at ordet åland frå urnordisk skal bety «vassland».
Andre delen av boktittelen, upolitiske dikt, peikar mellom anna på at Åland har vore demilitarisert sidan 1856, og at øyriket «verken er Øst eller Vest». Det verkar som Eggen i vår krigsridde slagmarksverd søkjer seg til eit nøytralt punkt, ein utkant, der det er mogleg å sjå og tenkje utover trongsynte dikotomiar og aggressive fordommar. For på Åland finst både aust og vest blanda, i form av «KORV PIROG GODIS på kiosken» og «finsk spekepølse av russisk type» i salsbua i gågata.
Eggen og dikta reiser, fartar og vandrar til ulike historiske stader i øyriket. Han oppsøkjer mellom anna Posthuset i Eckerö, Gendarmhuset, Tollkammeret og fraktseglskipet «Pommern», som er museumsskip.
Sjølv om Åland har vore demilitarisert, vandrar Eggens verseliner til ulike historiske kampstader, til dømes til Lemströms kanal, der kanalbygginga innebar arbeidarkampar og sosial urettvise, men også aktuell strid på kunnskapens område. Eggen peikar på at «Wikipedia eller hvem det er påstår at tsaren/ brukte finske fanger/ for å grave ut kanalen», og det stemmer ikkje, «for det finst fortsatt bøker ( ... )/ som er så nøyaktige/ at det riktige blir feil/ og det feile riktig». Kanalen var ein freistnad frå borgarskapet på øya på å «lokke til seg dampbåter/ fra byene i øst».
Å lese Eggens dikt er lærerikt. Dei er spekka med historiske referansar og opplysningar. Men kunnskapen er ikkje likegyldig eller nøytral. Tvert om er det medvitet om krigens øydeleggingar som kjem over diktet og det lyriske eget då det kjem opp mot eit av dei to ruinerte forsvarstårna som skulle verne Bomarsund festning: «men kan noen ødelegge tomheten/ som fortsetter ut Notviken/ ut i havet i nord/ ja, noen kan ødelegge tomheten/ men ingen kan ødelegge ødeleggelsen».
I det siste diktet i samlinga, «(Kulturboikott-dikt)», er det harmen over brutaliteten, undertrykkinga og den lunkne nøytraliteten overfor krigen i Gaza som blir påtala: «og jeg vil finne opp englebarn fra Gaza som kan forvandle/ vann til kloakk/ forvandle alt vann i dispensere og kraner/ på Oslos universitet til kloakkvann/ de vil ta ei bøtte drittvann og hive den/ i ansiktet til rektor hver gang han holder en tale/ som ikke handler om dem».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.