Film
Rota til alt rot?
Det uoversiktlege glir over i det banale, men interessante parti gjer DNA sjåverdig.
Familien frå mykje å tenkja på når far, bestefar og oldefar døyr.
Foto: DB.com
Då den kjære faren, bestefaren og oldefaren Emir døyr, må familien samlast om kva som skal gjerast til gravferda. For dotterdottera Neige (Maiwenn) blir det eit vendepunkt i livet, der ho må ta stilling til kven ho er og kvar ho kjem frå – både emosjonelt og geografisk.
Mon Amy
Ein gjeng unge og vaksne og gamle svirrar rundt bestefar på aldersheimen. Bestefar har Alzheimers sjukdom og får ikkje heilt med seg alt som skjer rundt han. Kanskje eg òg har eit snev, for det er ikkje lett å halda tråden i kven som er kven, og kva relasjonane er. Men hovudpersonen er udiskutabelt Neige, spela av regissør Maiwenn, med born frå tidlegare forhold og uavklarte disputtar med både bror, syster, mor og det som er vanskeleg å seia om skal vera kompis, ekskjærast eller halvbror.
François (Garrel) er uansett den mest trufaste støttespelaren hennar, eit haldepunkt der ingen tilsynelatande har eit avklart forhold til kvarandre og omgivnadene, minst av alt Neige. I ei tidleg scene ser me henne ta av seg dei brune kontaktlinsene, og knallblå auge skin under den kraftige augesminka (som broren med rette påpeikar får henne til å sjå ut som ei gamal Amy Winehouse), eit fyrste hint om at DNA handlar mindre om DNA og meir om identitet.
Rotete rotløyse
Kva er prosessen når ein mann som er fødd i Algerie, døyr i Frankrike? Bestefar Emir kom som flyktning, vende ryggen til religionen sin og gifta seg med ei fransk dame som han fekk born med. Spørsmålet om kva form for gravferd som skal utførast, lyt svarast på av etterkomarane som er mildt sagt ueinige om kva Emir ville likt. Neige vil gjerne at historia til bestefaren skal koma fram, og etter kvart vil ho meir enn som så: Ho vil etter beste evne bli del av historia på sitt vis.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.