Film

Røyndomsnær animasjon

Tårnet grip for vidt, men har varme og håp.

I flyktningleiren må dei bygge oppover.
I flyktningleiren må dei bygge oppover.
Publisert

Animasjon smeltar saman med både røyndom og fiksjon i Tårnet, ei forteljing frå den palestinske flyktningleiren Burj el Barajneh i Libanon. Nordmannen Mats Grorud budde eitt år i leiren og har basert filmen på intervju med palestinske flyktningar og Dina Matars intervjubok What It Means to be Palestinian. Filmtittelen speler på den særeigne tårnliknande arkitekturen i leiren. På grunn av plassmangel må kvar generasjon byggje i høgda. Slik ser ein neste generasjon bokstaveleg talt vekse opp(over).

Katastrofen

Tårnet har blitt ei litt for ufokusert krønike om liva – og historiene – i ein av generasjonsbustadene. Hovudpersonen i filmen er elleve år gamle Wardi, som i starten er uvitande om lagnaden til Palestina. Men éin dag er det store demonstasjonar i leiren, og eit par gutar blir sende til sjukehus: Det er 15. mai, dagen som på arabisk blir kalla al-Nakba – katastrofen. Den døyande oldefaren Sidi begynner å fortelje 11-åringen om dagen han og familien vart tvinga ut av Galilea i samband med opprettinga av staten Israel. Her startar forteljinga å veksle mellom notid og fortid, eit grep Grorud har løyst på finurleg vis: Notida er i dokkeanimasjon, fortida har teikna animasjon.

Draumen

Tårnet har blitt samanlikninga med Vals med Bashir, den sterke dokumentaraktige animasjonsskildringa om dei gløymde minna til ein soldat frå Libanon-krigen i 1982. Grorud har òg eit tilbakeblikk til 1982 i ei hjarteskjerande scene, men ønsket om å fortelje i lange liner, gjer også at Grorud gaper over mykje. Paradoksalt nok gjer det at han ikkje grip djupt nok inn i materien. Der Vals med Bashir er konkret og spesifikk, er Tårnet vag og uklar: Grorud vil både skilje livsvilkåra til eksilpalestinarane her og no – og fortelje om fortida. Det gjer at (hovud)plottet går på tomgang i periodar.

Grorud reddar seg likevel inn med ei varm og øm skildring av relasjonen mellom Wardi og Sidi, den emosjonelle kjernen – og klimakset – i filmen. Trass i at Tårnet manglar den forteljartekniske bravuren til Vals med Bashir, er dette ein kjenslevar og humanistisk film for både store og små, som ber i seg ein kime av håp: draumen om ein dag å få vende heim.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement