Musikk
Særmerkte tolkingar
Solveig Slettahjell har laga svensk-norsk kanon.
Solveig Slettahjell har laga eit album med norske og svenske melodiar.
Foto: Hanna Johre / NTB
Solveig har gjennom fleire år samla seg eit knippe songar som skulle bli hennar nordiske songbok. Med dei ti låtane på Gullokk har ho laga det svensk-norske kapittelet, så vil tida visa om låtar frå resten av Norden får sine Slettahjell-tolkingar. Om dette som her er servert, er standarden, er det grunn til å venta spent på framhaldet.
Slettahjell kjenner ein att uansett kva repertoar ho tek fatt på. Denne plata er ikkje noko unnatak. Samstundes er det slik at ho har valt låtar der det alt er spelt inn slitesterke tolkingar. Det gjeld til dømes Mats Paulsons «Vind över vindens ängar», Allan Edwalls «Vaggvisa» og «Besøk» av Bjørneboe og Preus.
Likevel finn Slettahjell sin sjølvsagte plass. «Trassvisa hennes Tora» og, i særleg grad, «Ved Rondane» er sterke tolkingar sjølv til Slettahjell å vera. Førstnemnde skil seg frå tolkingar som ein finn dusinet av. Her er ikkje eit snev av svulstig inderleg, og mellom tredje og fjerde strofa serverer Ulvo eit makelaust kor. Det heiter at ein ikkje joikar om ein person, men joikar personen. Her spelar Ulvo Tora.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.