Film

Saktebrennande mysterium

Ein av dei beste filmane frå i fjor har endeleg norsk kinopremiere.

Filmen er basert på ei novelle av Haruki Murakami.
Filmen er basert på ei novelle av Haruki Murakami.
Publisert

Burning, signert den sørkoreanske auteuren Lee Chang-dong, er ein mørk og mystisk psykologisk thriller. Til liks med dei andre filmane hans er denne saktegåande, subtil og krevjande.

Burning badar heile vegen i psykologisk ambivalens, framfor alt ein frustrasjon over hovudkarakteren Jong-su (Yoo), ein arbeidarklassegut frå landet som har reist til storbyen Seoul for å skrive. Her forelskar han seg i Hae-mi (Jun), ei jente frå den same bygda. At Jong-su ikkje hugsar henne, bidreg til mysteriet som gradvis utfaldar seg. Etter ei reise kjem ho tilbake med ein kjærast, Ben (Yeun). Han er velståande, men også gåtefull. Burning viklar seg herifrå inn i eit innrøykt plott, der ein gradvis skjønar mindre og mindre av kva som skjer. I ei scene kjem det fram at Ben brenn ned tilfeldige drivhus for moro skuld. Eller gjer han det?

Denne mangelen på konkrete svar er noko av det som gjer Burning så mystisk og «utilfredsstillande»: Lee Chang-dong avslører aldri meir enn han må, og knapt det. Burning er basert på ei novelle av Haruki Murakami, og regissøren deler den japanske forfattarens særeigne univers, der ein mannleg, einsam og frustrert hovudperson står i sentrum. Kattar, jazzmusikk og litterære referansar er andre Murakami-verkemiddel som smittar over på filmen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement