Musikk

Samkøyrd troika

Mischa Maisky hadde ikkje sin beste dag, men godt samspel redda konserten i Håkonshallen.

Cellisten Mischa Maisky med borna Sasha og Lily i Håkonshallen.
Cellisten Mischa Maisky med borna Sasha og Lily i Håkonshallen.
Publisert Sist oppdatert

Maisky Trio

Mischa Maisky er ein av vår tids mest kjende cellistar. Sceneoppsynet er flamboyant – og ganske utstudert, for med nedknept skjorte og glimande smykke likar han å kasta på den veldige manken i dei snøgge satsane. Han kallar seg verdsborgar, for «celloen min er italiensk, strengene tyske og bogen fransk».

Livet hans har då òg vore uvanleg internasjonalt og omskifteleg. Han blei fødd i Riga av ukrainske foreldre i 1948, og i Moskva studerte han lenge under 1900-talets største cellist, Mstislav Rostropovitsj. Kjøpet av ein kassettspelar på svartebørsen i 1970 resulterte i to år i sovjetisk arbeidsleir. Etterpå fekk han israelsk statsborgarskap, og i dag bur han, av alle stader, i Waterloo.

Familiekonsert

Det var altså ei legende publikum fekk oppleva i Håkonshallen, sjølv om dette ikkje var hans beste dag på podiet. Med sonen Sascha på fiolin og dottera Lily på klaver utgjer han Maisky Trio, eit samspelt ensemble som opna med Trio élégiaque nr. 1 i g-moll av Sergej Rakhmaninov (1873–1943). Dei svulmande melodiane og den tonerike klaverparten i dette ungdomsverket peikar fram mot dei meir kjende klaverkonsertane hans.

Mischa Maisky framførte også nokre songar av Robert Schumann (1810–1856), omarbeidde for cello og klaver. Desse fungerte berre delvis. Cellisten brydde seg ikkje om den naturlege fraseringa i songstemma, frasane blei difor uformelege og klangen for massiv i høve til klaveret. Meir stringens hadde tolkinga av Johannes Brahms’ (1833–1897) Klavertrio nr. 3 i c-moll, op 101.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement