Film
Scener frå ein fransk familie
Familiefesten går ein interessant stad, skjønt heilt utan å forløyse den dramatiske kurva.
Familieidyllen slår snart sprekkar.
Foto: Another World Entertainment
Ved eit idyllisk sommarhus på den franske landsbygda spring glade ungar ut av bilen medan foreldra ber ut bagasjen og matvarene. Bursdagsjubilanten Andréa (Deneuve) helsar sonen Vincent (Kahn) og familien hans velkommen. Kjærlege kyss og prat om bakst og matlaging følgjer. Den andre sonen Romain (Macaigne) og den nye kjærasten hans er allereie på plass, og heile huset syder av liv. Eit bord ute i hagen blir dekt på, medan tenåringsjenta Emma førebur eit skodespel som bursdagsgåve til bestemora.
Romain er alt i gang med å filme festen under temaet «familie». Desse to metaelementa kviler over den franske dramakomedien Familiefesten, med ikonet Catherine Deneuve i rolla som husmor og bursdagsjubilant.
Kvifor lager du ikkje ein skikkeleg film med historie og skodespelarar, spør Emma onkelen under den påfølgjande lunsjen. Han stotrar fram eit ikkje heilt tilfredsstillande svar, til heile familiens latter.
Familiær ambivalens
I scener som dette er Familiefesten på sitt beste, der humoren spring ut av dei sementerte familierollene. Det er noko tidlaust over ein familie som samlar seg rundt eit bord. Alle har sin plass og sine tilskrivne roller, på godt og vondt. Og regissør Kahn veit å bruke denne ambivalensen til å få fram vittige, men også ubehagelege situasjonar, især i filmens siste del.
Arv og miljø
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.