Bok
Shetlandsgjengen i nyansert portrett
Ueland gjev oss presise og fine portrett av ei rekke heltar, fleire av dei ukjende for oss til no.
Norske flyktningar om bord i fiskeskøyta «Viola» på veg over Nordsjøen. Den risikable transportruta vart òg kalla Shetlandsbussen.Norske flyktningar om bord i fiskeskøyta «Viola» på veg over Nordsjøen. Den risikable transportruta vart òg kalla Shetlandsbussen.
Foto: NTB scanpixFoto: NTB scanpix
Historie
Shetlandsgjengen var ei løynd norsk militær troppeeining under andre verdskrigen. Ho hadde til oppgåve å frakte agentar, sabotørar, forsyningar og våpen over Nordsjøen til norske motstandsgrupper i Noreg, og bringe flyktningar og motstandsmenn attende til Shetland. Dei fyrste åra var det fiskebåtar som utførte oppgåvene, frå 1942 av vart det i staden sett inn tre amerikanske ubåtjagarar.
Troppeeininga låg under kommando av ein heimleg britisk spesialstyrke og var knytt til dei militære planane britane hadde i Noreg. I alt vart over 3000 menneske frakta over Nordsjøen, over 350 av dei med krigsfartøy. 18 båtar forliste med i alt 158 personar om bord, 7 båtar med 77 menneske vart tekne av fienden, og englandsfarten kosta i alt 321 menneske livet. Av dei militære norske styrkane som omfatta 300 mann, fall 46. Det gjev ein dyster tapsprosent.
Soga om Shetlandsgjengen høyrer blant dei mest vidgjetne under krigen, sett med norske augo. Både Leif Larsen og Jan Baalsrud har fått biografiar, fleire bøker er utgjevne, ein film frå 1954 hylla heltane på høveleg vis og nykelstader på Shetland under krigen vert i dag oppsøkte av reiseselskap, studiegrupper og foreiningar kvar sommar. Eit forvitneleg museum på hovudøya fortel om mennene, skøytene, slippane og ferdene over Nordsjøen, og også om tragediane og kvardagslivet til nordmennene.
Delvis nye kjelder
No har Asgeir Ueland utifrå eit noggrant og delvis nytt kjeldetilfang skrive ei bok om soga til Shetlandsgjengen. Det vil seie ikkje berre om ferdene over Nordsjøen, men også om korleis dei tok til heilt frå aprildagane 1940 og ikkje minst om det politiske spelet – om motsetnadene mellom britar og nordmenn og mellom dei norske mannskapane og dei norske offiserane. Det toppa seg i oppgjeret mellom kommandørkaptein Tor Gallus Kleppe, kalla Napoleon, og sjøfolka, blant dei den røffe, smilande og særs dugande skipperen Bård Grotle, som er ein av heltane i boka. I desember 1941, som skipper på fiskeskøyta «Aksel», frakta Grotle og seks kameratar tre sabotørar til Gripsholmen. På heimvegen forliste dei. Dei sende naudmelding over radio og gjekk i lettbåten og ein gummiflåte for å redde livet. Det britiske flyvåpenet og marinen søkte etter dei, men fann dei aldri.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.