Film

Sjå kva vi mistar

Kan film påverke haldninga vår til klimakrisa? Kva er i så fall mest effektivt – å syne kor elendig det er blitt, eller å la oss få sjå alt det fantastiske vi risikerer å miste?

Australske Jennifer Peedom tek for seg samanhengen mellom elvar og siviliasjon.
Australske Jennifer Peedom tek for seg samanhengen mellom elvar og siviliasjon.
Publisert

Bergen internasjonale filmfestival (BIFF), landets største og viktigaste, er nett avvikla for 22. gong. Som vanleg har det vore ein klimafestival i festivalen, og nokre av dei 15 filmane på programmet får meg til å tru at skremsle ikkje treng vere vegen å gå. Især to dokumentarfilmar er slike visuelle openberringar som kan ta pusten frå deg.

I River syner australske Jennifer Peedom oss den evige samanhengen mellom elvar og sivilisasjon, kvifor dei fleste byar ligg ved elvar eller hav – og korleis vi no øydelegg det livgivande bandet mellom oss og dei blodårene som til alle tider har vore grunnlaget for liv. Og ho lèt majestetiske bilete bli akkompagnerte av symfonisk musikk til ein mektig manifestasjon av kva vatn har å seie for livet vårt og jorda vi lever det på.

Skremmande tap

Bileta får i stor grad tale for seg sjølve, men innimellom skyt forteljarrøysta til Willem Dafoe inn kommentarar og refleksjonar. Filmen får fram korleis denne planetens arteriar har forma ikkje berre jorda, men også oss som bur her. Det poetiske vekslar med det dramatiske, og stundom følgjer kameraet elveløp i strie straumar så det er til å bli sjøsjuk av.

Elva er lett å skade, ikkje like lett å reparere. Oppdemming av store og mindre elvar har i dag nådd eit omfang som påverkar jordrotasjonen. Forureininga i somme land er så stor at elvane gispar etter vatn; det er ufatteleg kor mykje vi har makta å øydeleggje på få generasjonar. Det er som om vi lukkar auga for at livet i elvane våre vil avgjere lagnaden til kommande generasjonar.

Franske Yann Arthus-Bertrand har mykje av det same perspektivet i Legacy. Han har laga fleire vakre naturfilmar, og i den nye tek han oss med på ei hundre minutts ferd gjennom jordas historie der vi i utsøkte bilete får eit inntrykk av byrjinga, av alt det vakre som gradvis voks fram, og det vi framleis har å kvile auge og sinn på. Men samstundes gjer han oss i stadig sterkare grad merksame på dei to store krisene vi alt står i, og som blir forverra år for år – klimakrisa og det skremmande tapet av artsmangfald.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement