Kunst

Sjå mot Bodø!

I år må alle kunstinteresserte få seg ein tur nordover.

Batia Suter: «Octahedral».
Batia Suter: «Octahedral».
Publisert

Bodø er som kjent europeisk kulturby i år, saman med Tartu i Estland og Salzkammergut i Austerrike. Bodø2024 byr på meir enn tusen arrangement fordelt utover året, og fleire handlar om kunst. Dette er det desidert største kulturprosjektet som nokon gong har funne stad i Nord-Noreg.

Rekk du opp før 7. april, må du få med deg utstillingane til samiske Iver Jåks og norske Gunvor Nervold Antonsen i Stormen kunst og i areala til biblioteket.

Fram til 30. mars er det ein fint montert installasjon i Galleri NOUA. Sveitsiske Batia Suter projiserer bilde henta frå gamle bøker og tidsskrift på komplekse arkitekturelle konstruksjonar laga særskilt for utstillinga.

Det er også bryet verdt å besøke Kulturbadet galleri, som ligg i Sandnessjøen midt på helgelandskysten. Benjamin Slotterøy er første utstillar i utstillingstrilogien ARTICulation, som spenner over heile året. Fram til 16. mars kan vi sjå vakre, runde former av svart glas, inspirerte av handverkstradisjonar frå kystkulturen, som flaskepostar frå havet.

Programmet vidare utover året er like spennande, det er berre å følgje med på heimesida til Bodø2024.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement