Musikk
Sjeldne tonar
Festspillene lyfter fram Anne-Marie Ørbecks skifterike verk.
Ingrid Søfteland Neset som solist i Ørbecks «Pastorale og allegro for fløyte og strykeorkester».
Foto: Johanne Karlsrud
Anne-Marie Ørbeck er årets festspelkomponist, sjølv om ho er død. Nokre biografiske merknadar trengst: Ho voks opp i ein musikalsk familie i Oslo, studerte klaver og komposisjon der og i Berlin og debuterte som solist med eit imposant program i Universitetets aula i 1933.
Krigen sette ein stoppar for pianistverksemda. I 1940 flytta ho til Bergen, der ho blei buande. (At bergensarane reknar henne som «bergenskomponist», er ikkje underleg, i ein by der alt som blir gjort to gonger, er tradisjon.) Men som komponist heldt ho det gåande. Symfonien, fullført i 1944, er den einaste symfonien skriven av ei kvinne i Noreg. Han blir framført under Festspillenes avslutningskonsert i Grieghallen komande onsdag.
Komponistriss
Under portrettkonserten i Håkonshallen tysdag fekk me eit riss av komponistgjerninga hennar, framført av Bergen Filharmoniske Orkester under Anna-Maria Helsings presise taktstokk. Generelt kan Ørbecks tonespråk karakteriserast som melodiøst. Her er mykje folkemusikkinspirert melodikk og tonalitet, krydra med fritonale vendingar og kompleks rytmikk i dei snøgge satsane.
Mest tradisjonelt lét dei tre fyrste programpunkta: orkesterstykket Melodi (1939) og orkestersongane «So rodde dei fjordan» og «Vill-Guri» (urframførte i 1963). Songane med tekst av høvesvis Aslaug Vaa og Tor Jonsson blei framførte med varm og rund sopranrøyst av Annika Synnøve Beinnes. Som komposisjon er «Vill-Guri» den klårt sterkaste.
Pastoral fløyte
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.