Skal vi slutta å lesa Hamsun?
Ein litteraturprofessor meiner det, etter sjølv å ha lese han slik ein viss mann les Bibelen.
Knut Hamsun fekk Nobelprisen i litteratur i 1920.
Foto: NTB
I Noreg er vi gjerne på etterskot når det gjeld internasjonale trendar. Men no er det kome ei bok som er prov på det motsette. Ho er så stor at ho må ha vore planlagd før den såkalla woke-rørsla vart kjend i Noreg. I USA og i Storbritannia har vi alt sett at statuar av folk som var rasistar og slavehandlarar, har vorte tilgrisa og øydelagde, i von om å reinska historia for vondskapen deira.
No er det Knut Hamsuns tur. Han har fått ein statue i Vågå og bystar i Grimstad, på Sortland, på Kjerringøy og ikkje minst på Hamarøy i samband med Hamsunsenteret der.
Litteraturprofessor Ståle Dingstad, som no flyttar woke-søkjelyset til Hamsun, høyrer heime i eit fag styrt av skiftande motar: Francis Bull skilde ikkje mellom diktarbiografien og diktverket, medan nykritikken, og seinare strukturalismen, meinte diktverket var ein sjølvstendig ting, styrt av litteraturestetiske lover og ikkje den private og trivielle psykologien og moralen til diktaren.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.