Bok

Skildrar av rang

Unn Conradi Andersen kan godt bli heile livet for meg.

Unn Conradi Andersen er forskar, forfattar og sosiolog. Ho debuterte som romanforfattar i 2017.
Unn Conradi Andersen er forskar, forfattar og sosiolog. Ho debuterte som romanforfattar i 2017.
Publisert

Det finst mange songar som inneheld frasen «Bli hos meg». På dei fleste språk. Gjerne tonesett og framført med ein inderleg desperasjon. Det er vel fordi det er djupt menneskeleg å ikkje vilje bli forlaten. I Unn Conradi Andersens andre roman er tittelen Bli litt til, og det er no i alle fall urovekkande.

Siv er førelesar i kunsthistorie. Ho har skeive vener, som bestevenninna Anna, men sjølv har ho ikkje slått seg til ro, med verken barn eller partnar, sjølv om ho nærmar seg 40. Ho lever singellivet sitt i ordna former.

Når ho treffer Jack, boksetrenar og skadeskote menneske, er ho ikkje førebudd på å bli hovudstups forelska. Men dei to kvinnene skal kvervlast ut i motsetnader og lidenskap. Ei impulsiv og uavhengig sjel, ei ansvarleg som likar at ting er føreseielege.

Sanseleg og levande

Unn Conradi Andersen skriv sanseleg, men aldri sentimentalt. Gjennomgåande ser lesaren omgivnadene og stemninga klart føre seg: «Vi går ein tur på øya, sola ligg så lågt at ho skin gjennom strå og raudkløver. Ein familie på fire ender, to store og to forpjuska små, vaggar seg over det lavalikande landskapet i fjæra.»

Slike strekk seier noko om forfattarevna til Andersen, sjølvsagt, men òg indirekte noko om innlevingsevna til eg-personen Siv. Det same gjer den uannonserte vekslinga mellom første og tredje person: Midt i eit eg-forteljarparti kan det plutseleg stå: «Jack hugsar godt den første gongen ho tok toget frå heimstaden Sheffield og til London med ei venninne.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement