Bok
Solid novellekunst
Det er utruleg kor mykje som ikkje er til å tru.
Gaute M. Sortland kjem frå Haugesund og debuterte som romanforfattar i 2009.
Foto: Sverre Skjold
Gaute M. Sortland debuterte i 2009 med den kritikarroste romanen Johan. Sju bøker seinare beveger han seg i eit meir avstemt litterært landskap som samstundes er meir oppsiktsvekkande.
Novellesamlinga Sanne historier ber ein interessant tittel, då ikkje nokon slags fiksjon er «sant», men det er som regel heller ikkje usant, på eit anna plan. Dessutan er røyndomen vanlegvis slett ikkje til å tru.
Sortland skildrar menneske i oppbrotsstemning, som ønsker eller blir tvinga til å sette ein ny kurs i livet, og passande nok gjer han det i dei ni novellene rett som det er, på eit bakteppe av ulike transportmiddel: ekspressbuss, ferje, bil med hestehengar, cruisebåt. Eller som i opningsnovella «Denne skinande byen»: eit tog som det aldrande ekteparet ikkje tar, fordi det ikkje går noko tog frå byen deira. Dei ser dermed ikkje sjokoladepapir som bles langs bakken, dei ser ikkje «duene flyge til alle kantar av ein lyd som brått skremde dei opp». Denne negerande framgangsmåten kastar eit fint lys over det som kunne vore; vi veit ikkje kor lenge vi får ha den eine av personane.
Sorg og ny kveik
Kjærleikssorg speler ei rolle i samlinga, og personane taklar sorga på ulik måte. I «April» er det ei mongolsk badstue som får den sorgtyngde til å sjå ein flik av håp, sjølv om det her er skildra korleis tidskjensla og verdsbildet endrar seg når ein er deprimert, og det så treffande heiter: «Det var som om det hadde vore entreprenørar i skogen inne i meg og felt alt. Lagt alt levande daudt.»
I «Messingsenga» møter vi ei irriterande kravstor dame som er vand med å få det som ho vil, men jammen kan den ettergivande sambuaren by henne på nokre overraskingar. I «Bukkeskinnshingsten» er det sorga over ein seld hest som rår; hovudpersonen har måtta selje yndlingshesten sin til ein hesteavlar på Ål, no sit han i baren på Hotel Fleischer på Voss og drikk for å gløyme. Vendinga novella skal ta, er så uventa at eg ikkje kan nemne det, men denne teksten endar òg i eit plutseleg nytt liv.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.