Teater
«Som få evnar Frode Grytten å skildre menn som av ymse grunnar fell utanfor.»
Sju menn fortel sju historier knytte saman av musikk og ein fellesskap om det å ikkje høyre til.
Foto: Den Nationale Scene
Desse stakkars mannfolka
Ei form for musikkteater som skaper scenisk heilskap og fungerer overraskande godt.
Som få evnar Frode Grytten å skildre menn som av ymse grunnar fell utanfor, og han gjer det utan å dømme eller kritisere. Han syner fram det han observerer, og så er han også i stand til å finne songar som høver til kvar einaste sinnsstemning, kvar einaste lagnad. Alt der ligg ei oppskrift på suksess.
Så har regissør Lasse Kolsrud, Gryttens kunstnarlege åndsfrende gjennom mange år, i samarbeid med musikalsk ansvarleg Helge Lilletvedt, fått spele med ein strykekvartett og ein livemixsamplar (Eirik Sundaran Blåsternes) som i harmoni med dei godt syngande skodespelarane skapar musikkteater av høg kvalitet. Saman formar dei ein musikalsk einskap som ber denne framsyninga frå byrjing til slutt, og som finn fin støtte i Silje Grimstads lyssetjing.
For eigentleg er dette teater av aller enklaste slag, tradisjonelt forteljeteater. Sju menn med kvar sin lagnad gir oss forteljingane sine, stykkevis og delt. Dei er namnlause, men i alder frå 63 til 19 år, og ingen av dei høyrer heime i dei øvre samfunnslaga. Dei både er og er ikkje saman, kvar har si historie å fortelje – enten det skjer frå setet på ein stressless, i ein sofa eller bak ein mikrofon. I stadig rørsle deler dei dei ofte vonde røynslene sine, men utan å kommunisere direkte med kvarandre. Det opplever eg som den einaste større veikskapen i tekst og framsyning. Men måten musikken er nytta på, knyter dei saman på eit vis som kompenserer for noko av dette.
Mange vonbrot
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.