Litteratur I Hilde Vesaas
Annika Norlins kollektivroman er suggererande lesing.
Annika Norlin har fått fleire prisar for debutromanen. Han er seld i over 100.000 eksemplar i Sverige og er no ute på norsk.
Foto: Sofia Runarsdotter
Fleire forfattarar før Annika Norlin har nytta romansjangeren som eit laboratorium for å forske på særeigenskapar som kan oppstå i ei gruppe som lever isolert på sida av samfunnet. Fluenes herre av William Golding er ein av dei mest kjende. Men der Goldings roman er ei mørk og skremmande soge, er Tua ein underhaldande roman med mykje humor. Først og fremst er boka drivande godt fortald.
Tidsspennet går over mange tiår i ein sirkulær komposisjon som både byrjar og endar sommaren 2023. Det lange tidsspennet gjer at vi blir godt kjende med personane i kollektivromanen, også fordi synsvinkelen skifter mellom dei som lever i «tua» – «tua» som i «maurtua». Folka i denne gruppa ser nemleg seg sjølve som maur, alle har sin sjølvsagde plass, og alle bidrar til felles beste.
Til å byrje med er det Emelie som fortel, ho som kjem utanfrå. Det er eit godt grep som vekkjer nyfikne hos lesaren, sakte nærmar vi oss og undrar: Kven er desse menneska som vandrar og søv saman ute i skogen, omfamnar tre medan dei ropar «takk», og som syng medan dei badar?
Potetgull i skogen
Emelie har sjølv rømt ut i skogen etter å ha blitt utbrend av stress og press på jobben i storbyen. Den første ho får kontakt med, er yngstemann i gruppa, Låke. Han er midt i tenåra og har for første gong smakt potetgull.
No blir han dratt mot Emelie og sakene hennar, mest på grunn av dei ukjende og spennande smakane ho har med seg frå verda utanfor. Som fødd inn i flokken har han aldri før snakka med ein «utenfors», namnet flokken har sett på dei som lever i storsamfunnet. Låke har nokre trekk som kan minne om eit «ulvebarn», riktig nok med verbalspråk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.