Lyrikk

Sommerro ny diktskribent

Henning Sommerro er komponist, songar, musikar og professor.
Publisert Sist oppdatert

I 1977 kom det ut eit vedunder av ei plate. Omslaget er umiskjenneleg raudt med foto av tre alvorlege unge menn, Sommerro, Blekken og Gausemel. Song, klaver, gitar, bass og trommer. Plata heiter Vårsøg, gruppa heiter Vårsøg, det same gjer den no ikoniske tittelsongen «Vårsøg», med tekst av Hans Hyldbakk og melodi av Henning Sommerro. Det er den kjæraste vinylplata eg har.

Kjem du køyrande frå Molde, tek ferja over Stangvikfjorden frå Rykkjem til Kvanne og køyrer ei og ei halv mil, kjem du til Skei i Surnadal. I denne bygda ville det seg at både Hans Hyldbakk og Henning Sommerro skulle veksa opp.

Hyldbakk

Det var ei lukke at den eldre Hyldbakk og den unge Sommerro fann kvarandre. Saman har dei skapt noko av det beste vi har av songlyrikk. «Vårsøg», ja, men også «Nordmørsminne», den alvorlege og humoristiske «Gravøl e Merradala», og kanskje finast av dei alle, «E Slåttatæja».

Hyldbakk, eit barn av 1800-talet, heimføding og verdsborgar med ti diktsamlingar og eit lite bibliotek med lokalhistorie. Sommerro, bondeson og musikar frå han var liten gut, med studium i Basel, som like gjerne spelar i kyrkja som til dans, komponist, organist og professor i musikk i Trondheim, med avtale om å sleppa å delta på møte.

Hyldbakk døydde i 2001, 103 år gamal.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement