Film

Sorg og samliv

Love Life er både dramatisk og nedtona på same tid.

I filmen Love Life lever Geko eit hyggeleg og fredeleg liv med ektemannen Jiro og sonen Keita, heilt til det oppstår ein tragedie.
I filmen Love Life lever Geko eit hyggeleg og fredeleg liv med ektemannen Jiro og sonen Keita, heilt til det oppstår ein tragedie.
Publisert

Det er duka for feiring av både vesle Keita og bestefaren i den vesle leilegheita. Stemninga er trykt, sidan Jiro (Nagayama) berre er stefar til Keita, som Taeko (Kimura) har frå eit tidlegare ekteskap. Foreldra hans klarar ikkje heilt å skjula at dei kjenner seg som ste-besteforeldre. Så skjer ei katastrofal ulukke som skal snur opp ned på heile tilværet, særleg då Park (Sunada), den biologiske faren til Keita, dukkar opp etter å ha vore vekke i fleire år.

Biologikken

«La oss berre få eit ekte barnebarn», seier svigermor til Taeko. Svigerfar har akkurat samanlikna Taeko med ei gjenbruksvare, sidan ho hadde eit barn då ho gifta seg med sonen hans. Svigermor kjeftar på han, men kva hjelper det når ho så opplagt avslører kva ho eigentleg kjenner på sjølv? Det er ikkje hyggeleg å sjå på, dette. Dei gamaldagse haldningane står i kontrast til den rause innstillinga Jiro har til å fullt ut vera far for Keita. Difor verkar det ekstra sårt at når Park, den tilsynelatande ubrukelege lasaron-eksen brått kjem inn i biletet, spelar brått biologien inn også i tankesettet til Taeko. Kor blir det plass til farskjenslene til Jiro oppi dette? Kor blir det plass til sorga? Dei kjennest framande, reaksjonsmønstera med alle sine japanske ritual, men under overflata ligg djupe, vonde kjensler så universelle som berre kjærleiken til eit barn kan vera.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement