Langdikt

Sorga er svart som jord

Alice Oswalds langdikt er ekstremt verknadsfullt.

Alice Oswald er ein britisk lyrikar, utdanna som klassisist og gartnar.
Publisert

Når ein les den engelske poeten Alice Oswalds diktbok Minnesmerke, som blei utgjeven på engelsk i 2012, kan ein få kjensla av å stå framføre ein minnevegg med rekkjer av namn på falne soldatar. Boka inneheld heile 200 personnamn henta frå Iliaden, alle døde som følgje av krigshandlingar.

Namna er forsynte med korte biografiar, i dei tilfella der det er mogleg å skaffe fram opplysningar, gjerne nokre setningar om korleis dei levde og døydde, til dømes slik: «DIORES sønn av Amarynkevs/ truffet av flyvende flint/ døde i en pøl av egne tarmer/ slått ned i gjørmen ligger han/ med armene strukket ut mot vennene».

Etter kvar korte biografi kjem ei poetisk samanlikning, kalla simile. Ein kan tenkje på dei nemnde elementa som eit gravferdsritual, ein vekselsong mellom den biografiske forteljinga om den avdøde og den etterfølgjande klagesongen. Dei poetiske samanlikningane blir gjentekne ordrett to gonger, kan hende for å streke under patosen, det kjenslemessige som forsvinn i dei deskriptive og ofte brutale soldatbiografiske ramsene: «Slik en knivvinget hauk/ balanserer på en klippe uten fotfeste/ selv ikke en geit kan klatre der/ som når han løfter knivene og begynner/ på det feilfrie fallet/ gjennom dalens fugler».

Munnleg gravplass

Oswalds bok grip tak i Iliaden, Homers verk om trojanarkrigen. Poeten gjer det i form av ei særeigen poetisk omsetjing av det episke verket. Ho reinskar Iliaden for alle element av forteljing og kontekstar av politikk og maktkamp. I forordet kallar ho boka ein «munnleg gravplass» og tek på alvor at det antikke verket er eit munnleg verk, tradert og nedskrive i ei ettertid. Difor tenkjer Oswald til dømes at historiene om enkeltsoldatane i Iliaden kan vere restar av klagesongar over dei. Ho skriv at ho nyttar dei greske orda som «opningar» der ho freistar «få øye på det Homer så».

Død og sorg, håp og trøyst

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement