Bok

Spenningsroman eller sosialhistorie?

Sosialhistoriske spørsmål får stor plass, men boka kan lesast som ein roman.

Publisert

På omslaget vert Fru Muus’ klage presentert som ei historie om kjærleik, tru, svik og utvandring, eit veritabelt «ibsensk drama på prærien». Både undertittelen, «Ekteskapsskandalen som rystet det norske Amerika», og portretta av Oline og Bernt Muus som unge gir hint om at Bodil Stenseths bok kan lesast som ein roman.

Prologen følgjer opp dette. Her kjem ei dramatisk skildring av tilhøva den dagen i februar 1880 då tre kyrkjelydar (synoden) i Goodhue County i Minnesota skulle halde ope møte for å diskutere ekteskapet mellom pastoren sin, Bernt Muus, og kona hans. Ho hadde skulda han for åndeleg mishandling og for ikkje å ta omsyn til hennar og barnas behov, slik at dei knapt hadde mat og klede, endå han hadde pengar nok på bok. Denne klagen skreiv ho i kjølvatnet av at ho hadde saksøkt mannen ved amerikansk rett for å ha overtatt farsarven hennar.

Spørsmålet om farsarven var ei sak for domstolen. Spørsmålet synoden måtte ta stilling til, var om Bernt Muus etter denne klagen kunne halde fram som pastor, trass i den grunnfesta stillinga han hadde i kyrkjelyden sin og i samfunnet elles, som ein streng, religiøs debattant og som stiftaren av det norske St. Olaf College. Dessutan måtte synoden avgjere om fru Muus skulle setjast under kyrkjetukt for ikkje å bøye seg for ektemannens vilje og formaningar, slik han kravde og Bibelen føresette. Meiningane i kyrkjelyden var delte: Måtte ei hustru følgje mannens bod i alt og vere som ein slave for han, eller hadde ho til ein viss grad fri vilje og stod til ansvar berre for Gud? Skulle dei skiljast? Her er det lagt opp til ein røyndomsnær, skandaløs thriller.

Større samanheng

Men denne forventninga vert ikkje innfridd, sjølv om historia om Oline og Bernt Muus er ein raud tråd gjennom boka. Bodil Stenseth vil setje problema deira inn i ein større samanheng, som omfattar amerikansk kontra norsk ekteskapslovgiving, kvinnesaka si stilling i dei to landa og konvensjonane i dei lutherske kyrkjesamfunna i USA. Desse sosialhistoriske spørsmåla får stor plass, ikkje minst i samband med debattane i synoden. Her gir Bodil Stenseth dessutan så lange og detaljerte referat frå både norske og amerikanske aviser som rapporterte frå saka, at lesaren kan få vanskar med å følgje med. For saka hadde fått stor merksemd også i Noreg.

Det er kjent nok at likestillinga mellom menn og kvinner var komen mykje lenger i USA enn i Noreg i 1880-åra. Inntil 1888 var gifte kvinner umyndige etter norsk lov. Dei kunne ikkje rå over eigne inntekter eller formue, medan gifte kvinner hadde slik råderett i mange amerikanske delstatar, blant anna i Minnesota. Dette vart eit juridisk dilemma i rettssaka mellom ekteparet Muus.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement