Språkets graner er tause

Gaute Heivoll skriv lyrisk variert om dei tause felta me er avhengige av for å uttrykkje oss som menneske.

Det er 17 år sidan Gaute Heivoll sist gav ut ei diktsamling.
Det er 17 år sidan Gaute Heivoll sist gav ut ei diktsamling.
Publisert Sist oppdatert

Gaute Heivoll er mest kjend for prosaforfattarskapen, men han har skrive i mange sjangrar, også lyrikk. I årets diktbok, Så nær det synlige krever, finst tema og motiv som er kjende frå prosabøkene. Ein kan til og med, i somme av dikta, merke ein prosaisk stiltone slå inn.

I dikta krinsar forfattaren rundt noko som støtt unndreg seg, som ikkje blir sett og lagt merke til, som ikkje kan gjerast eksplisitt språkleg utan at det, eller sanninga i det, går tapt. «Uvørne, jagende/ i brå kast under skyene er svalene/ de eneste som følger meg ut/ gjennom porten til det ennå/ ufortalte og derfra videre/ i alle retninger». Det som ikkje kan språkleggjerast, kan dreie seg om det lyriske eget sine eigne tause smertepunkt, skam og feilskjer, om framtida eller om diffuse, fortrengde minne.

Det ikkje-fortalde

Såleis er hovudtemaet i Så nær det synlige krever det som blir rekna til poesiens særeigne uttrykksmodus, det useielege, det stumme punktet, det ikkje-fortalde. Dette kjem att i stadige reformuleringar i samlinga.

I det første diktet, «Det er du som skal si», verkar det som Heivoll personifiserer dette som unndreg seg, som også kan vere ein person det lyriske eget har kjær og er avhengig av. I 21 strofer vender forfattaren seg til dette i form av eit du: «Du sier du aldri/ går fra meg, du sier du aldri/ kommer nær, bare så nær/ det synlige krever.»

Heivoll knyter det som unndreg seg, til ein eksistensiell dimensjon, som rettar seg mot framtida, men også mot fortida og minna. Den konkrete situasjonen i fleire av dikta i samlinga er eit skog- og barndomslandskap, ei kyrkje og eit hus omkransa av grantre. Og desse grantrea blir også trekte inn i det poetiske og språklege feltet: «slik jeg forlot dem står de/ stumme utposter grensende/ til språket svarte fakler/ ennå lysende over papiret».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement