Bok
Stave verda
Gunnar Wærness er ein av dei førande norske samtidspoetane, rastlaust på reise til nye oppdagingar og gjenoppdagingar.
Gunnar Wærness.
Foto: Eva Lene Gilje Stensen
I førre diktboka si, Ta på Jesus, dikta Gunnar Wærness fritt til ein tekst frå 1200-talet, «Salve Mundi Salutar» av Arnulf av Leuven. Denne 1200-talsteksten representerer ein konkret lyrikk som bevegar seg i Jesu kropp og blodige sår.
Årets bok, Kosmos’ beibi, flyttar seg nærmare tida vår, til moderniteten. Wærness verkar oppteken av modernitetens framtidsførestillingar. Og samstundes er Wærness planta i poesiens og dimed skapingas kjerne. I diktet «(magiker)» står det: «magi er å veve å karde ull/ og spinne tråd og stave verden/ levelig». Her er arbeidet og poesien blitt nærmast overnaturlege storleikar, overskridande aktivitetar, som skapar og omskapar i utvekslinga med den fysiske verda.
Kosmos betyr verd eller verdsaltet, og frå gamalt av er det knytt til å ordne troppar i krig. Ordet kosmetikk kjem også frå ordet kosmos, altså å ordne utsjånaden. Beibiar er nyskapte, sette til verda. Er det desse beibiane Wærness har sett seg føre å ordne og oppdra?
Kunstnarar, både målarar og poetar, som høyrer til i moderniteten, har blitt vigde dikt i boka. Det gjeld den russiske futuristen Velimir Khlebnikov, den chilenske avantgardisten Vicente Huidobro og målaren og forfattaren Leonora Carrington. Skaping kan også vere atterreising og gjenskaping. På sett og vis er det dette Wærness held på med andsynes desse kunstnarane, men kanskje er det også ei gjenskaping av kunstens motivasjonar, lengten og ferda til dei andre verdene – som kanskje ikkje har så gode kår i dagens samfunn: «jeg knakk pennen/ mens jeg skrev/ og rispet hull i arket/ i et forsøk på å slippe lys/ og lengsel ned i jorda».
Wærness er oppteken av samfunn, av politikk, av denne verda til liks med andre verder, av krigars gru, av skapinga og det skapte. Og han gjer det i dikt som er ekspansive, som rytmisk skrur seg i sirkelrørsler nedover og attover og fram, tidvis både vent og skremmande.
I møte med Wærness’ poesi, som er kjenneteikna av leiken, er det som ein også kjenner på eit alvor, at ein også må ta ansvar for det skapte, i konkret, vid og snever forstand. Slik Wærness gjer når han til dømes skriv dikt til dei andre kunstnarane og poetane. «beibien blir/ ikke mett av spisse steiner/ knekte stoler skrik// og anger den må ete/ den må elskes». Dette ansvaret kviler også på den som skapar, viss det er slik som poeten skriv, at «det farligste av alt/ er å være skapt». Det seier noko om både politikkens, kunstens og Guds ansvar, for kven vil utsetje noko eller nokon for fare?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.