Sterke kjenslerAnne Hege Simonsen prøver å forstå Marie Hamsun reint psykologisk.BiografiAnne Hege Simonsen:
Anne Hege Simonsen prøver å forstå Marie Hamsun reint psykologisk.
Anne Hege Simonsen har fått tilgang til private brev.
Foto: Res Publica
Det er publisert mykje om Marie Hamsun, ikkje minst i verk om den berømte maken hennar, Knut. Eit av dei mest vidgjetne er Thorkild Hansens Prosessen mot Hamsun frå 1978, der kona hans urettvist får mykje av skulda for at han vart nazist. Birgit Gjernes gav ut den fyrste biografien om Marie Hamsun i 1994. Sjølv skreiv Marie Hamsun to svært interessante sjølvbiografiar, Regnbuen (1953) og Under gullregnen (1959), og i 1990 gav sonen Tore òg ut ein sjølvbiografi, Efter år og dag, der mora sjølvsagt spelar ei viss rolle. Så er ikkje alle steinar snudde når det gjeld hennar liv og lagnad? Har Anne Hege Simonsen noko nytt å bringe til torgs?
Kjend historie
Forteljinga om dei store linene i Marie Hamsuns liv vert ikkje endra med denne nye biografien. Vi får repetert den skuleflinke Maries bakgrunn i ein fallert familie, og skodespelardraumane som vart effektivt stoppa då ho fall pladask for den 22 år eldre vakre og eldhuga forfattaren Knut Hamsun. Deretter dei mange stormfulle åra som husmor og mor til fire barn, då ho måtte rette seg etter hans vilje i eitt og alt og iblant kjende seg som ein fange. Så fekk ho ein slags revansj på slutten av trettiåra og under andre verdskrigen, då fru Hamsun vart ein kjend nazist og kulturformidlar som vart hylla på opplesingsturnear i Tyskland og Noreg, medan mannen stort sett sat heime på Nørholm, for tunghøyrd til å delta i sosialt liv. Til sist rettsoppgjøret etter krigen, med fengsling for hennar del, tap av både sosial vørdnad og økonomisk tryggleik, og det langsame strevet for å vinne att båe delar. Alt dette fortel Simonsen om med stor innleving og mange detaljar.
Privatarkiv
Det nye er at Simonsen har hatt tilgjenge til privatarkiv med mange tidlegare unytta brev mellom Marie og Knut Hamsun, både frå trulovingstida og seinare. Ho har òg funne fram avslørande korrespondansar mellom Marie og to fortrulege venninner. Slik kjem Simonsen tett på båe ektefellar, på godt og vondt. Marie Hamsun brukte sjølv nokre av breva frå Hamsun i dei sjølvbiografiske bøkene sine, men strauk det mest nærgåande, slik at biletet av tilhøvet mellom ektefellane vart retusjert. I Simonsens bok står Hamsun fram som ein håplaus nevrotikar og psykopat som dreiv kona nesten til vanvit, medan botemiddelet var den erotiske spaninga mellom dei. Det intime tilhøvet mellom dei får såleis stor plass i framstillinga; det kan nærme seg ein viss type vekebladsnusing i privatlivet til kjendisar. Forfattarskapen til Marie Hamsun får derimot liten plass, med unntak av dei sjølvbiografiske verka, som òg vert brukte som kjelder.
Av meir allmenn interesse er diskusjonen om kvifor ho vart nazist. Simonsen ymtar om at NS fikk den plassen i livet hennar som kjærleiken hadde hatt tidlegare. Store, sterke kjensler svarte til eit behov hos henne, hevdar Simonsen, og slike fann ho hos Hitler, som ho meinte var ein fantastisk skodespelar med ei framifrå evne til å appellere til kjenslelivet hos andre. Elles byggjer Simonsen mykje på Ingar Sletten Kolloens biografiar når ho skal forklåre kva det var ved nazismen som hugtok ekteparet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.