Teater
Sterkt om livsløgn og overleving
Gode skodespelarprestasjonar i intens kamp på liv og død.
Laila Goody, Maria Ómarsdóttir Austgulen, Trond Espen Seim og John Emil Jørgenrud i nachspielet frå helvete som stykket til Edward Albee blir kalla.
Foto: Erika Hebbert
Denne drygt seksti år gamle, intenst destruktive klassikaren er eit stykke som gir dei gode skodespelarane rom for å briljere, og Laila Goody gjer det nesten til overmål. Ho tek over heile scena, men gjer samstundes den kvinnelege hovudpersonen så hektisk vulgær at det går lang tid før vi skjønar at det også bur andre sider i henne.
Hovudpersonane i denne samlivskrisa over alle samlivskrisar er ekteparet Martha (Goody) og George (Trond Espen Seim). Han er ein mislykka historikar ved eit amerikansk universitet, ho er dotter av rektor og ei som hadde sett for seg at mannen skulle bli instituttleiar og etter kvart rektor.
Etter ein semesteropningsfest har Martha invitert eit nytt ektepar heim til eit lite nachspiel. Biologen Nick (John Emil Jørgensrud) og Honey (Maria Ómarsdóttir Austgulen) kjem optimistiske og inkjeanande til det som snart skal syne seg som eit nachspiel frå helvete – med dei to som katalysatorar og reiskapar i ein intern kamp på liv og død, med audmjuking som hovudingrediens.
Livet har blitt eit nederlag for både Martha og George. Sjølv barn har dei ikkje kunna få, i staden har dei skapt ein illusjon om ein son dei har dikta opp. Og innan natta er omme, er også denne livsløgna torpedert. Når George i ei uhyre sterk scene til slutt tek livet av fantasisonen deira, er det ikkje berre liksomlivet deira han punkterer, men også The American Dream. For namna på ekteparet er ikkje tilfeldig valde, dei er henta frå landsfader George og Martha Washington.
Så er spørsmålet – kan noko konstruktiv byggjast på desse ruinane? Det fortel ikkje stykket noko om.
Dei som har sett filmklassikaren med Elizabeth Taylor og Richard Burton, vil minnast ein meir støyande versjon enn Hanne Tømta presenterer i Kanonhallen. Tømtas løysing, som også gjer meir ut av komikken, fungerer godt, men med ein infamt neddempa George synest avstanden mellom dei to ektefellane å bli litt for stor, dei står ikkje heilt godt til kvarandre. Ho auser ut all gifta si tilsynelatande ukontrollert, han svarar stillare, men meir etsande inderleg – på eit vis som betre får fram desperasjonen som eg trur rir dei begge.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.