Musikk

Stillferdig nattmusikk

Norsk og slovakisk folkemusikk og fuglesong blir ein velklingande miks.

Michaela Antalová og Adrian Myhr har komponert ny musikk.
Publisert Sist oppdatert

Bassisten Adrian Myhr har dei siste åra presentert fleire fine prosjekt i grenselandet mellom folkemusikk, jazz og samtidsmusikk. Den førre plata var med ein improviserande, jazzprega trio, medan dette er den andre utgjevinga som er basert på samspel med den slovakiske fløytisten Michaela Antalová. Ho speler mange slags fløyter frå heimlandet, men stundom nyttar ho seljefløyte òg.

Mjukt og behageleg

Myhr og Antalová har komponert det meste av musikken på plata, men rett som det er vert folkemelodiar nytta som utgangspunkt. Og heile tida har musikken eit improvisatorisk preg, sjølv om alt er stramt strukturert. I det heile er tilhøvet mellom det flytande, meditative og dei komponerte elementa godt balansert. Musikken kling mjukt og behageleg. 

Ofte kan slike lydbilete verka i overkant milde, og dermed uinteressante, men her er det heile tida noko som vekkjer interessa åt lydaren.

Nattmusikk

Fuglesong er eit hovudtema, og ofte kling fløytene fugleaktig, men på eit par av spora vert jamvel opptak av ein syngande nattergal ein del av instrumentariet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement