Film

Stor og sterk

Endeleg kjem ein godt laga norsk storfilm om krigen, og denne kjennest faktisk naudsynt.

Jakob Oftebro er knallgod i hovudrolla som Charles Braude, meiner Håkon Tveit.
Jakob Oftebro er knallgod i hovudrolla som Charles Braude, meiner Håkon Tveit.
Publisert

Charles Braude var ein framifrå boksar som forsvarte norsk ære i ringen i trettiåra. Han slår Sverige i landskamp og giftar seg med Ragnhild. Alt godt. Sjølv om han er ustø i rituala på sabbaten, er foreldra, som rømte frå jødeforfølgingar i Litauen, nøgde, for han er lukkeleg. Så kjem krigen.

Vi følger familien medan nettet strammar seg rundt alle jødiske nordmenn, fram mot 26. november 1942, då skipet «Donau» tok med seg 532 jødar for å utslette dei.

Mektig Svensson

Regissør Eirik Svensson har laga originale og nydelege filmar med Natt til 17. og Harajuku. Skalaen er ein heilt annan når han no har filmatisert boka til Marte Michelet.

Den største forbrytelsen er ein typisk storfilm. Trass i klassisk episke trekk torer Svensson stundom å ty til stille. Det er effektivt. Den faste fotografen Karl Erik Brøndbo sikrar poesi i mange bilete.

Jakob Oftebro gjer ein knalljobb i hovudrolla som berre blir overgått av ein krutsterk prestasjon av Michalis Koutsogiannakis som faren. Stakkato mas høyrer til unntaka. Forteljinga glir godt og engasjerer. Filmen er heilstøypt frå klede til skodespel og bruk av byrom og spesialeffektar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement