Musikk
Surt og slurvete
Fabio Biondis solokonsert på Troldhaugen var ein formidabel nedtur.
Fabio Biondi under intimkonserten i Griegs villa på Troldhaugen.
Foto: Thor Brødreskift
Sicilianaren Fabio Biondi var frå 2005 til 2016 tidlegmusikkdirigent for Stavanger Symfoniorkester. Han greidde å gjera dette til det beste norske symfoniorkesteret på barokkmusikk. Mest kjend er han for stiftinga av Europa Galante (som gav konsert under Festspillene 1. juni). Dette barokkorkesteret har sidan 1990 gjeve ut nærare 60 album.
Biondis preferanse har alltid vore det italienske repertoaret, som han meistrar suverent, særleg musikken til Vivaldi, A. Scarlatti, Pergolesi og Corelli. Men han står òg bak ypparlege innspelingar av «utanlandske» komponistar som komponerte i italiensk stil, fyrst og fremst Händel.
Intimkonsert
Heilt sidan eg byrja å interessera meg for tidlegmusikk, har Biondi vore ein helt for meg. Dei høge tempoa, den lette og transparente strykarklangen, den improviserande tilnærminga – slikt særmerkjer innspelingane hans. Men eg har aldri opplevd han på konsert, heller aldri høyrt han spela heilt åleine.
Dette fekk eg høve til på Troldhaugen førre fredag. Intimkonserten verka som ei sjeldan perle under årets festspel, også når det galt repertoaret. For kor ofte får me høyra svensk barokkmusikk i Bergen?
Men – konserten blei ein skikkeleg nedtur. Ikkje av di eg hamna bak eit forheng mellom dei to stovene i villaen og berre skimta Biondis venstrehand på fiolinhalsen. (Slikt hender når ein kjem i siste liten på Troldhaugen-konsert, der seta ikkje er nummererte.) Nei, det største problemet var at han spelte surt, frå fyrste stund av, noko som ikkje betra seg utover i den timelange seansen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.