Film
Svak Salander
Claire Foy gjer sitt beste for å gi liv til Lisbeth Salander, men rollefiguren er for underutvikla og grunn.
Filmen byggjer på den fjerde boka om Lisbeth Salander, skriven av David Lagercrantz.Filmen byggjer på den fjerde boka om Lisbeth Salander, skriven av David Lagercrantz.
Foto: Nadia KlierFoto: Nadia Klier
Drama
The Girl in the Spider’s Web gir oss den tredje tolkinga av Lisbeth Salander. Claire Foy erstattar Noomi Rapace og Rooney Mara i rolla som den hemngjerrige hackaren med dragetatoveringa. Filmen er basert på fjerde bok i Millennium-serien, kontroversielt ført i pennen av David Lagercrantz, men tonar ned journalist Mikael Blomkvist (Gudnason) og gir Salander hovudrolla.
Salander får i oppdrag å hacke eit dataprogram som gir USA tilgang til alle atomkodar i verda. Kunden er han som utvikla programmet, men som no vil øydelegge verket. Ein kriminell russisk bande vil også ha kloa i kodane. Snart er både Lisbeth og programutviklaren i fare. Lisbeth tar kontakt med Blomkvist for å få nøsta opp i trådane. Det som følgjer, er ein katt-og-mus-leik mellom fleire interessegrupper. Dette involverer også SÄPO (Säkerhetspolisen) og ein amerikansk agent som mildt sagt tar seg til rette i Sverige.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.