Bok
Svaret er eit ekko
Fredrik Hagen vil sjå bak dei sju sløra.
I tillegg til at han skriv, leier Fredrik Hagen Lyrikksalong ved Litteraturhuset i Bergen. Desse samtalane fisnt også som podkastar.
Foto: Linn Heidi Stokkedal
Fredrik Hagen, fødd 1991 i Odda og i dag busett i Bergen, har mellom 2017 og 2024 gitt ut fem titlar, dei fire første sjangerplasserte som poesi, mens årets bok er kortprosa med ein overordna tematikk kring liv og død, fødsel og forsvinning. Perspektivet svingar mellom eit mikro- og eit makronivå der alt er samtidig. Alt gjentar seg i ein tidlaus syklisk rundgang som mennesket også er ein del av og samtidig står utanfor, gjennom evna til å hugse, evna til å vurdere, evna til å utvikle språk som kan fange det flyktige og gi rom for sosiale relasjonar, men også for einsemd og lengt.
Undring
Det er dette han sirklar rundt gjennom heile forfattarskapet, utan at det blir monotont og repeterande. I staden finn han eit nesten messande og rytmisk språk for den undringa han møter verda med, vart og nyansert slik at dei korte tekstane både pustar og trekker seg saman og bankar som pulsslag ein kan legge fingrane mot.
Tekstane femner alt menneskekroppen består av: hudceller, nervesystem, blodårer, skjelett, lemmer, hud og hår, og i kvinnekroppen veks barnet fram. Han dveler ved fødslane til både mormora og mora, og han følgjer dei begge inn i døden. La det bli/ en ensom tid kan godt lesast som omarbeiding av sorg, og siste setning er slik: «Historien begynner idet vi sier farvel og prøver å huske hverandre.»
Hagen pressar tanken mot språkets grenser, han vil sjå lenger enn tanken rekk, inn i ein slags urtilstand der alt startar og tar form og utviklar seg til liv, samtidig som livet blir fortært av ei stor og uutgrundeleg kraft som slettar alle spor. For Hagen blir dette vilkåra vi lever under. Er vi først fødde, er det dette vi møter. Noko evig liv finst ikkje, og minnet og språket kan heller ikkje verne oss mot det forgjengelege og den store gløymsla.
Smerte
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.