JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

7063
20240510
7063
20240510

Det Norske Teatret, Scene 2

Jon Fosse:

Einkvan

Regi: Kjersti Horn
Scenografi og kostyme: Sven Haraldsson
Videoregi: Mads Sjøgård Pettersen
Lysdesign: Oscar Udbye
Musikk og lyddesign: Erik Hedin
Medverkande: Preben Hodneland, Vetle Bergan (sonene), Marianne Krogh, Hilde Olausson (mødrene), Jon Bleiklie Devik, Per Schaanning (fedrene)

Det mest «avvikande» i denne Jon Fosse-framsyninga ligg ikkje i teksten, men i regien. Med den regiforma Kjersti Horn har utvikla dei siste åra, der video har erstatta direkte kontakt med skodespelarane, såg eg ikkje føre meg at ho ville nærme seg Fosse, men det har ho altså gjort. Og med alle dei grepa som har gjort henne til vår mest kompromisslause regissør. Og like gjennomført som i alt ho gjer.

Eigentleg må kombinasjonen Fosse/Horn ha vore like «framand» for dei båe. For han fordi han ikkje er glad i såkalla «regiteater», for henne fordi dette er ein type tekst som ligg langt unna det ho har arbeidd med etter at ho introduserte video som det sentrale elementet i regien sin. Det forklarar kanskje kvifor denne regien ikkje synest tilføre teksten noko avgjerande nytt. Tvert imot sit eg att med ei kjensle av at ein time med tette nærbilete av nakne ansikt på store skjermar, om aldri så uttrykksfulle, har teke noko frå meg. Når skodespelarane i tillegg er «gøymde» bak eit svakt gjennomsiktig plastforheng, som aldri blir fjerna, kjenner eg ein avstand til Fosse som ikkje tallause nærbilete av ansikt kan oppheve.

«Eg sit att med ei kjensle av at ein time med tette nærbilete av nakne ansikt på store skjermar, om aldri så uttrykksfulle, har teke noko frå meg.»

Ikkje nyskrive

Mange har fått den oppfatninga at dette er det første stykket Fosse har skrive etter at han fekk Nobelprisen i litteratur. Slik er det ikkje. Einkvan grovskissa han for to somrar sidan, så låg den endelege versjonen ferdig i fjor sommar, altså nokre månader før det blei kjent at han skulle få prisen.

Einkvan er eit møte mellom seks namnlause personar, der tre av dei synest vere dobbeltgjengarane til dei tre andre – to yngre menn, to eldre menn og to eldre kvinner. Dei yngre mennene er biletkunstnarar, og båe skal ha utstilling til hausten. Om det er tale om seks ulike personar eller berre tre, er ikkje lett å avgjere, men det er eit (eller to) ektepar og ein son (eller to). Både tid og stad er oppløyste, difor er det uråd å seie kvar og kva tid desse menneska møtest, men det kan vere ein stad mellom liv og død, i eit slags limbo. Det grunnleggjande i forfattarskapen er sjølvsagt intakt også i Einkvan – neddykkinga i menneskets grunnvilkår her på jorda.

Tilsynelatande er det lenge sidan sist dei såg kvarandre, i alle høve foreldre og son, men det er også uklart om foreldra framleis er saman. Mellom generasjonane er det ingen kommunikasjon. Både mor og far vender seg til sonen, men svar får dei aldri. Einsemda er total, supplert med ei skremmande framandkjensle mellom nærskylde. Det er noko isnande kaldt ved denne konstante avvisinga foreldra møter. I stor grad er det tale om variasjonar over det same temaet i monologane foreldra serverer sonen sin. Men ikkje noko gjer inntrykk på han. Foreldra vil vite kva dei har gjort gale, og som kan ha skapt denne avstanden, men heller ikkje det får dei svar på.

Vonløyse

Noko av det mest påfallande ved dette stykket er at utgangssituasjonen er så godt som uendra då «handlinga» tek slutt. Det er som om den ulukkelege stoda med foreldre og born heilt utan kontakt – trass i ønske om det motsette frå foreldra si side – nærmast blir sementert den tida handlinga utspeler seg. Denne vonløysa blir forsterka ved dei refleksjonane mødrene gjer seg om åleineskap som ei form for død.

At dei seks personane ikkje har namn, er eit utslag av Fosses haldning til namnebruk i diktinga si. Men fråværet av namn gjer også personane meir allmenne, det vi ser på scenen, kan vere noko som angår mange av oss. Tittelen – Einkvan = kven som helst – peikar i same retning.

Slik Horn og det faste teamet hennar, saman med dei framifrå skodespelarane, presenterer historia, er det utan å avvike frå teksten, så vidt eg kan sjå. Men mot slutten meir enn ymtar ho om at det kan vere eit homoerotisk forhold mellom dei to unge mennene (som då altså må vere to ulike personar, om det ikkje er tale om ekstrem sjølvdyrking). Det er elles ikkje så vanleg med musikkakkompagnement til ei Fosse-framsyning, men Erik Hedins sordinerte tonar står godt til det som utspeler seg.

Ein samanheng

Jon Fosse seier sjølv at det finst ein samanheng i alt han skriv. Noko slikt er det ikkje vanskeleg å finne her heller. Mest opplagde er den lite spelte einaktaren Skuggar, som hadde urpremiere på Festspela i Bergen 2006, og den monumentale romanen Septologien. I sistnemnde introduserte han dobbeltgjengarmotivet, også der lèt det seg gjere å peike på tre par dobbeltgjengarar. Hovudpersonane i romanen er så å seie identiske, men lagnadene deira skil seg radikalt, slik at det ligg nær å tolke dei som to moglege livsvegar.

Eit slikt skilje finst ikkje mellom dei to målarane i dette stykket. Når båe konkluderer dialogen med at det er målinga, bileta, som er sjølve røyndommen, distanserer dei seg frå Asle i Septologien. Rett nok blir påstanden «justert» litt til slutt, der det heiter at utan målinga og bileta står berre tomme einsemda att – og då finst ingen røyndom lenger. Der romanen går langt inn i det religiøse, har det ingen eksplisitt plass i Einkvan. Om dette tyder at det religiøse «spørsmålet» no er meir avklara etter Septologien, veit berre forfattaren sjølv.

Skodespelarane spelar og blir filma bak eit forheng gjennom heile framsyninga.

Skodespelarane spelar og blir filma bak eit forheng gjennom heile framsyninga.

Foto: Monica Tormassy

Mest slåande er linja attende til Skuggar. Der er ikkje berre utgangssituasjonen mykje den same som her, med ein personkonstellasjon som minner sterkt om den i Einkvan, men også med replikkar som stundom verkar nesten identiske. Også her finn dei tilfeldige (?) møta mellom personane stad på ein plass ingen kjenner, og tida er udefinert. I Skuggar er likevel indikasjonen på at møtestaden er bortanfor livet, sterkare.

Igjen er det tale om menneske som har eller har hatt ulike former for samband, foreldre/barn og ektepar, og der heller ikkje kommunikasjonen eller viljen til samtale er så stor. Likevel er ikkje biletet like dystert som i Einkvan.

Det som gjer samanlikninga endå meir nærliggjande, er at regissør Kari Holtan og gruppa De Utvalgte i 2009 laga ein heilt spesiell versjon av stykket, som òg blei synt ved Festspela i Bergen. Heile teksten blei framført av born i alderen seks–ti år, på video. Seks videoprojiserte barneansikt, noko forstørra, gav oss replikkane. Det var eit meir radikalt grep enn det vi er vitne til i Einkvan på Det Norske Teatret, og det gav ein «meirverdi» i form av unge røyster som med undring sa fram replikkar dei ikkje kunne ha eit personleg forhold til – men som nettopp derfor lettare kunne få oss til å oppleve teksten annleis enn vi elles ville gjort.

Jan H. Landro

Jan H. Landro er forfattar, journalist og fast teatermeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis