Teater
Festleg framsyning av musikalen Matilda
Matilda har i årevis gjort suksess som musikal. No også på Rogaland Teater.
Det er ein svir å oppleve korleis den bokelskande Matilda tar eit oppgjer med vonde rektor Trunchbull.
Foto: Grethe Nygaard, Rogaland Teater
Medan media skriv at norske barn les færre bøker enn før, vil publikum høyre historia om ein femåring som har lese alt på barnebiblioteket. Framsyninga i Stavanger vart seld ut før premieren, no byr teateret på nye sjansar i 2025. Så elska er Matilda, anten ein har møtt henne i boka til Roald Dahl eller sett henne i musikalversjonen frå 2010.
Det er blitt ei fartsfylt og god tolking der Matilda (Marte Sirevåg Berge) og skulekameratane vert spela av 10–15-åringar frå Rogaland Teaters barne- og ungdomsteater. Med imponerande presisjon framfører dei fleire dansenummer, godt koreograferte av Ludvig Herstad. Låtane er godt innøvde, men tempoet så høgt at det ikkje alltid er lett å forstå teksten.
Gisp og latter
Men publikum kjenner handlinga og heng med i konfliktane, anten herr og fru Wormwood (ypparleg tolka av Espen Reboli Bjerke og Mari Strand Ferstad) skjeller ut den boklesande dottera si, eller den fryktelege rektor Trunchbull (Espen Hana) utfaldar terroren sin mot elevane. Det går eit gisp gjennom salen, etterfølgt av latterhikst då Hana trer fram sminka som kvinne og kledd i kjole over eit gedigent brystparti. Han er framifrå i si tolking av det monstrøse maktmennesket som ser på barn som makk.
Eg trudde ikkje det gjekk å snurre eit barn etter hårflettene, men illusjonen av ei slik straff vert overtydande utført. Som ein frigjerande kontrast til rektor står læraren frøken Honey, nydeleg spela av Mareike Wang. Songnummera hennar er ein fryd å høyre.
God visuell løysing
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.