JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

Kvinnekroppen i heftig humorshow

Modernisert «feminismebibel» som er meir underhaldning enn opplysning. Og slik må det kanskje vere i 2024.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Reidun Melvær Berge og Kasper Skovli Botnen spelar kvinne og mann gjennom ulike livsfasar.

Foto: Andreas Roksvåg

3149
20240322
3149
20240322

Det Vestnorske Teateret, scene 2

Kamilla Wargo:

Kvinne kjenn din kropp

Regi: Kamilla Wargo og
Thomas Bye
Scenografi og kostymedesign: Helle Damgård

Når den såkalla feministbibelen Kvinne, kjenn din kropp no har funne vegen til scenen att, kan det vere greitt å vite at dette er i ein annan versjon enn den som vekte både sinne, jubel og latter i det store feminismetiåret. Men Kamilla Wargos sceneutgåve frå 2010 er ikkje mindre underhaldande. Det Reidun Melvær Berge og Kasper Skovli Botnen presenterer på den intime scene 2, er absolutt verdt å få med seg. Også for menn, som ikkje trengt ottast for noko dei ikkje toler sjå.

I 1975 kom den danske handboka og praktiske helseguiden Kvinde, kend din krop, året etter låg ho føre på norsk (Pax Forlag). Fram til 2001 kom boka kvart tiår i nye utgåver. I 2004 kom ei oppdatert og utvida utgåve på same forlag. Som raudstrømpekampskrift i kvinneleg sjølvoppdaging og sjølvrespekt var boka revolusjonær. Samla skal bøkene vere selde i over 300.000 eksemplar i Skandinavia. Det er desse utgåvene som ligg til grunn for Kamilla Wargos sorgmuntre framsyning om kvinneleg identitet, der ho rett nok stiller seg nokså fritt til opphavet.

«Oppsetjinga verkar ikkje utdatert på noko vis.»

Inga tradisjonell soge

All den tid bøkene tek for seg dei fleste sider ved det kvinnelege, så å seie frå fødsel til død, seier det seg sjølv at denne framsyninga ikkje kan bli ei tradisjonell forteljing. Dessutan har mykje skjedd på femti år, dagens kvinner veit langt meir om sex og helse enn formødrene deira, og dei har kort veg til faglege kjelder om det er noko dei lurer på.

Difor kan ei framsyning som denne leggje meir vekt på humor og underhaldning enn folkeopplysning i tradisjonell meining. Publikumsreaksjonen tyder òg på det er ei rett prioritering. I dag er det heller ingen som lèt seg sjokkere av at to skodespelarar, som her, kler seg heilt nakne på scenen. Tvert om, dette er jo eit stykke om kropp. Ein ser det berre som ei hyllest av den naturlege kroppen. Oppsetjinga er sjølvsagt sterkt modernisert og verkar difor ikkje utdatert på noko vis.

Skråblikk

Kamilla Wargo har laga ein serie små sketsjar, som med eit humoristisk skråblikk går inn på svært mange sider av kvinnelivet og såleis spring frå tema til tema. Det politiske perspektivet finst framleis, men er blitt langt mindre framtredande. Halvannan time er nok til å ta publikum gjennom evig aktuelle tema som menstruasjon, graviditet, fødsel og valdtekt og nyare fenomen som hormonbehandling, plastisk kirurgi og kvinner som slår – og alt imellom. Då ikkje minst seksualiteten og orgasmens fire fasar.  

Reidun Melvær Berge og Kasper Skovli Botnen (som hadde same rolla på Teater Ibsen for nokre år sidan) går til oppgåvene med stort overskot. Dei står godt til kvarandre og går kjapt og utan nøling frå scene til scene, også det fysiske beherskar dei godt. Det er blitt ei framsyning med fart og humør.

Jan H. Landro

Jan H. Landro er forfattar, journalist og fast teatermeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Ida Lødemel Tvedt

HumorFeature
May Linn Clement

Klagemodus

Kor lite skal til for at eg seier frå eller klagar?

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

ForsvarSamfunn
Per Anders Todal

Vil ruste opp ei lekk skute

Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Foto: Vidar Ruud / NTB

HelseSamfunn
PernilleGrøndal

Avfeiar abortkritikk frå KrF

– Det kvinner treng, er rettleiing og oppfølging, ikkje å møte i nemnd, seier Kamzy Gunaratnam (Ap).

Songlerka hekkar på bakken, langt frå skog. Biletet syner godt den vesle fjørtoppen som vert reist opp dersom fuglen opplever fare eller er opphissa.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

I dirrande lerkeposisjon

Er det sant at songlerka «jublar høgt i sky»?

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis