Når røyndommen møter kunsten
Ei velspelt framsyning som strammar seg til ein effektfull knute.
Jae Nyamburah (t.v.) i rolla som Makena, som driv sitt eige teater. Oddgeir Thune spelar lydteknikaren Ragnar, Thea Lambrechts Vaulen har rolla som lysdesignaren Anna.
Foto: Monica Tormassy
Det Norske Teatret, Scene 3
Goksøyr & Martens:
MomA
Regi: Toril Goksøyr og Camilla Martens
Komponist: Gaute Tønder
Lysdesign og rom: Ingeborg Staxrud Olerud
Lyddesign: Sigrun Merete Mongstad og Lewis Keller
Dette stykket er siste hovuddel av duoen Goksøyr & Martens’ pentalogi «LIVET #1–5», som går inn på ulike fasar i livet, eller overgangen mellom dei. 11 ÅR tok føre seg barndommen, DOTTERA skildra ungdomstida, BROR omhandla vaksenlivet, medan GÅ heldt eit granskande lys på alderdommen. Med MomA er vi inviterte inn i overgangsalderen.
Historia er ganske enkel, men ikkje nødvendigvis ukomplisert. Sigrun (Trine Wiggen) har gjort internasjonal suksess som dramatikar, men så er det som om karrieren brått har stoppa opp, og ho står utan oppdrag. Då oppsøkjer ho Makena (Jae Nyamburah), som er dotter til Sigruns søster, og som Sigrun har måtta ta seg mykje av i jentas oppvekst.
Stigande stjerne
No er ho ei stigande stjerne i teaterverda og får bestilling frå sjølvaste MoMa, Museum of Modern Art i New York. Tittelen på stykket speler både på det og på at Sigrun nok har sett seg som ei mor – kanskje A-mor/MomA – for Makena.
Så følgjer eit interessant spel på denne morsrolla og korleis dei to kvinnene oppfattar implikasjonane av henne. Og her ligg det noko dobbelt. Trass i at Sigrun insisterer på at Makena ikkje skuldar henne noko, er det tydeleg at ho tenkjer annleis. Og Makena vekslar heile tida mellom å omtale Sigrun som kvinna ho skuldar alt, og ei kvinne ho ikkje skuldar noko. Det er tvert om slik at Sigrun stal henne frå den verkelege mora.
No er problemet at Sigrun meiner Makena har lova henne eit oppdrag dei skal ha blitt samde om tidlegare. Men det hugsar ikkje Makena, kanskje er det heller ikkje rett, og dessutan er programmet for sesongen alt lagt. Makena er ho som har makta her og definerer reglane, men ho er forvirrande. Den eine augeblinken er ho full av entusiasme over det eine prosjektet Sigrun presenterer, i neste kan ho vere avvisande.
Trine Wiggen spelar den prislønte dramatikaren Sigrun som no er arbeidslaus.
Foto: Monica Tormassy
Konflikt
Og Anna (Thea Lambrechts Vaulen), som er lysdesignar, syner tydeleg sin skepsis til Sigrun og det ho kjem med. Meir tilbakehalden er fjerdemann, Ragnar (Oddgeir Thune), som har jobba med Sigrun før og synest vete noko ufordelaktig om henne. Kvartetten er full av indre spenningar og indre motsetningar, og då Sigrun vil laga ei framsyning basert på eit intimt brev som angår Makena, der røyndom og kunst møtest, bryt konflikten ut i full fyr.
Til grunn for teksten ligg mellom anna intervju dei to dramatikarane har hatt med 15 kunstnarar i ulik alder. Dette kunne gjort framsyninga dokumentarisk, men dei to har makta lausriva stoffet sitt frå ei slik tvangstrøye. I og med at handlinga går føre seg i eit teater, der ei gruppe på tre personar førebur ei oppsetjing, blir det vi opplever, likevel «dokumentarisk», men på ein annan måte.
Samspelet mellom dei fire fungerer svært godt. Kvar og ei/ein kjenner rolla si og leverer overtydande, utan fakter eller overspel. Ei framsyning som byrjar litt «tørt», tek etter kvart til å blomstre og fengje. Absolutt noko å få med seg.
Jan H. Landro
Jan H. Landro er forfattar, journalist og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.