Teater

På grensa til døden

Fosse-kompaniet gjer ein av Fosses mest «svevande» teatertekstar meir «jordnær».

Den eine og Den andre vert spelte av Peter Kolbjørnsen og Maud Jonassen.
Den eine og Den andre vert spelte av Peter Kolbjørnsen og Maud Jonassen.
Publisert

Det norske Fosse-kompaniet produserer ikkje kraft, men derimot scenekunst, skriven av Jon Fosse. Dei har base i Snertingdal i Gjøvik kommune, og Eg er vinden er den tredje Fosse-teksten dei set opp.

Slik Eirik Stubø regisserte urpremieren for fjorten år sidan, blei det ei heilt naken og reinskoren framsyning. To personar stod rett opp og ned og snakka nesten tonlaust på ei heilt tom scene utan rekvisittar. Det er heilt i tråd med Fosses tilvising, som seier at stykket speler seg ut i ein tenkt og så vidt illudert båt, slik også handlingane er tenkte og berre skal illuderast.

Kva kjønn Den eine (Peter Kolbjørnsen) og Den andre (Maud Jonassen) skal ha, seier ikkje Fosse noko om. I denne oppsetjinga kan dei vere vener, kanskje kjærastar. Men dei to som også har ansvaret for regien, har ikkje heilt våga å lite på teksten aleine, og dei vel å syne handlingane – utan å gjere altfor mykje av dei. Eller kanskje torer dei ikkje lite på seg sjølve?

Om vi ser bort frå det, og at dei har utstyrt seg med nokre meter tau som dei gjer det meste ut av, har framsyninga teke vare på mykje av tonen i dette stykket som heile tida beveger seg på grensa mellom liv og død, og som innimellom har ein litt meir filosoferande karakter enn mange Fosse-stykke.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement