JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

Underhaldande og farleg

Satan og hoffet hans snur opp ned på kvardagsliv og anna liv i frisk og temposterk framsyning.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Simon K. Boberg har regien på framsyninga basert på romanen til Mikhail Bulgakov.

Foto: Den Nationale Scene

3312
20240531
3312
20240531

Den Nationale Scene, Hovud­scenen

Mikhail Bulgakov:

Mesteren og Margarita

Omsett av Erik Egeberg
Tilrettelegging og regi: Simon K. Boberg
Komponist: Fredrik Saroea
Musikarar: Kjetil Møster og Stian Balducci
Scenografi, kostyme og lysdesign: Edward Lloyd Pierce

Å lage teater av Mikhail Bulgakovs rike og mangfaldige meisterroman er ingen spøk. Mykje må skjerast bort, men danske Simon Boberg har ikkje gjort større skade på originalen enn ein måtte rekne med – sjølv om framsyninga er blitt nokså fragmentarisk. Så har han – for å sikre teatersuksessen? – gjort litt meir ut av det komiske enn av det samfunnskritiske. Men ikkje meir enn at også det er med, og dels aktualisert til å passe inn i vår tid. Som heilskap fungerer dette bra. Og magien, som er ein viktig del av denne historia, har teateret fått imponerande godt til.

Mesteren og Margarita er ei historie med ulike stilnivå og fleire lag. Eitt er det som går føre seg i Moskva anno 1930, med tendens til systemkritikk (som var livsfarleg den tida boka blei til i) og alt oppstyret Satan/ Woland (Fredrik Saroea) med følgjet sitt skapar. Eit anna er den vakre kjærleikshistoria mellom den noko veike, litt Faust-liknande Mesteren (Herman Bernhoft) og Margarita (Irene Waage), som har den varmen og styrken han manglar. Dette kunne fått større plass.

«Når den sentrale heksesabbaten inneheld fine hint til Russland anno vår eiga tid, gir det meg ei kjensle av at vegen frå Stalin til Putin ikkje er særleg lang.»

Jan H. Landro om Mesteren og Margarita

Og så det sterke møtet mellom Jesus Kristus (Knut Erik Engemoen) og mannen som kan dømme eller fri han, Pontius Pilatus (Svein Harry Schöttker-Hauge). Konfrontasjonen, og samforstanden, mellom dei to er som ein eigen, tankevekkjande roman i romanen (skriven av Mesteren). Den fine samanhengen Bulgakov har skapt mellom dei ulike nivåa, maktar ikkje sceneversjonen heilt å gjenskape.

Ein styrke ved denne framsyninga er at regien har klart å aktualisere teksten, utan at det blir overdrive tydeleg. Rett nok verkar trongen til å knyte handlinga til Bergen litt lettvint og forsert. Men når den sentrale heksesabbaten inneheld fine hint til Russland anno vår eiga tid, gir det meg ei kjensle av at vegen frå Stalin til Putin ikkje er særleg lang. At Bulgakov var ukrainar, gir ekstra djupne til akkurat dette. Heksescenene er elles eit høgdepunkt i spelet, slik dei tek vare på både det burleske og den svarte humoren frå originalteksten.

Skodespelarprestasjonane er jamt over gode. Saroea – kjend som sjef for det bergenske punkrockbandet Datarock, men heilt utan teaterrøynsle – verkar noko bunden i rørsler og tale, men frisknar merkbart til straks han får ein gitar mellom nevane («Sympathy For the Devil»). Med litt meir speletid kan det komme seg. Som Satans assistent speler Eirik del Barco Soleglad på det meste han har, og det er ein heil del. Irene Waage er ei fryktlaus Margarita, medan Meisteren i Herman Bernhofts utføring verkar litt tam. Til gjengjeld glitrar Kristi-Helene Engeberg som den smådjevelske katten Behemot, og Schöttker-Hauge leverer ein Pilatus som gjer inntrykk.

Jan H. Landro

Jan H. Landro er forfattar, journalist og fast teatermeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dei som meinte at Viktor Orbán ville skape bråk i EU i tida med ungarsk formannskap, har fått rett. Her helsar han på Frankrikes president Emmanuel Macron under eit EU-toppmøte i 2023.

Foto: Omar Havana / AP

Samfunn

Bråkmakar øvst ved bordet

Den største urokråka internt i EU har overteke formannskapen i EUs ministerråd. Mest påverknad framover kan Viktor Orbán kome til å ha i Europaparlamentet.

Eva Aalberg Undheim

Foto: AP / NTB

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Springsteens «før og etter»

Det går an å skrive ei heil bok om Born in the U.S.A., i alle fall om forfattaren heiter Steven Hyden.

I 2018 var det varmerekordar fleire stader i landet.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
ØyvindNordli

«Det er absurd at dei fremste klimaforskarane i Noreg skulle bli samde om å lure resten av folket til å tru noko som ikkje er sant.»

Slik er byen Roma teikna i Nürnberg-krønika.

Foto: Terje Tøgard / Orfeus

BokMeldingar
Gjert Vestrheim

Ein milepåle i europeisk bokhistorie

Hartmann Schedels verdshistorie, som vart trykt i Nürnberg i 1493, er mor til alle salongbordbøker.

Paul Giamatti i rolla som Paul Hunham og Dominic Sessa som Angus Tully i den nyaste filmen til Alexander Payne.

Foto: Seacia Pavao / Focus Features LLC

FilmMeldingar

Armert film

JEREVAN: Filmfestivalen i den armenske hovudstaden Jerevan er like kontrastfull som byen.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis