Technoratorium

Detroit techno-pioneren Jeff Mills viskar ut grensa mellom kunst-, kyrkje- og klubbmusikk.

Publisert

Jeff Mills er 61, DJ, produsent, komponist og ein av pionerane innan Detroit techno-rørsla på 80- og 90-talet. Mills’ mest kjende klubbklassikar er dansehymna «The Bells», og hans nyaste album, The EyeWitness, startar med anslagslause trommer og underleg tungetale-beatboxing; smatting, pjatting og munnlydar eg manglar omgrep for, vekkjer kjensla av å prøve å forstå eit ukjent språk, og når kyrkjeklokkene ringjer inn så det ljomar, er det som om ein lyttar til eit utanomverdsleg oratorium.

På spor 2, «Menticide», blir syntharpeggiato til symfoniske strykarar. Ulande synth-kyrkjeorgel møter ville og laussleppte trommemaskincymbalar og standhaftig elbassplukking på «Those Who Worked Against Us». Eksotiske strengeinstrument kling i ei undersjøisk hole i eit utanomjordisk verdshav på «Mass Hypnosis». Medan telefonen ringjer.

På «Hold and Command» vandrar dei førebels uhandgripelege syntharpeggiatovandretemaa ut på eit dramatisk dansegolv drive av jazzete fender rhodes-kordar og pumpande fusionbass i 6/8-takt; på «Wonderous Butterfly» flaksar 909-riden fredsælt kring polymetrisk puls og bassklarinettliknande tonar. «Sacred Irridescent Mirror (The Pledge)» held pulsen oppe med jazzete bass og marsjeskarp.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement