Film
Teikn i tida
Denne animerte bragda om afghansk flukt bør både folkevalde og folk flest sjå.
Dokumentarfilmen om Kasper og Amin vart vald ut til Cannesfestivalen i fjor.Dokumentarfilmen om Kasper og Amin vart vald ut til Cannesfestivalen i fjor.
Foto: Final Cut for RealFoto: Final Cut for Real
DOKUMENTAR
Akademikaren Amin er vellukka. Afghanaren er busett i Danmark med ein mann han skal gifte seg med. Barndomsvenen Jonas er dokumentarfilmskapar og skal lage film om historiene Amin aldri har fortalt. Han opnar seg om flukta frå Afghanistan til Danmark tidleg på nittitalet. Det var ingen enkel veg. Historia hans er samansett, lærerik, opprivande og viktig.
Anonymt arkiv
Teikningane har to ulike stilar. Det meste av filmen held seg i ein tradisjonell fransk stil med rein strek. Stundom kjem nokre marerittliknande sekvensar i svartkvitt, som liknar skisser med blyant. Desse er ekstra effektfulle og fine.
Arkivmaterialet frå Afghanistan på åttitalet og Russland på nittitalet gjev god kjensle av samanheng til den anonymiserte, animerte forteljinga med lyden av dei ferske intervjua med Amin. Minne om actionfilmar med Jean-Claude van Damme frå barndomen og meksikansk såpeopera dubba til russisk friskar opp.
Bruken av skodespelarar til å legge lyd på barneåra gjer saman med bruk av animasjon at filmen vakar mellom dokumentar og fiksjon. Det passar godt og gjer at Flukt skil seg frå mange dokumentarfilmar om både flukt og Afghanistan.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.