Bok

Tekstar frå periferien

Heldigvis kjem også uetablerte forfattarar på trykk.

Publisert Sist oppdatert

Finst det eit liv utanfor Sehesteds plass? Ikkje godt å seia for oss som er vane med at det meste av norsk litteratur kjem derifrå. Men det eksisterer faktisk småforlag som Kolofon, som gjev uetablerte forfattarar ein sjanse. Dei fungerer som eit pustehol for dei som fell utanfor det vanlege, etablerte forlagssystemet.

For det er på det reine at det finst mange menneske med skrivekløe her i landet, og vegen til parnasset er lang og krokut. Rett nok må forfattarane på slike forlag sjølv yta ein monaleg skjerv for å koma på trykk, men det er tydeleg at fleire er viljuge til å gå denne vegen for å få publisert tekstane sine. Desse forlaga har såleis heilt klart ein misjon i norsk ålmente, som eit slags supplement til storforlaga.

Eit slags potpurri

Fredrik Møystad er ein av dei. Samlinga Dikt er ein slags potpurri over klassiske og frie vers, utan at det i og for seg er noko negativt: «Hjemløs er sorgen; sort og uten navn;/ en fugl som lydløst skygger dine skritt./ Hjemløs er sorgen, lik en gammel ravn/ med blikket alltid hvilende i ditt.» Dette er nok eit av dei beste dikta i samlinga, upretensiøst og einfelt. Men samlinga rommar òg meir ambisiøse ekfrastiske dikt, altså tekstar som omtalar kunstverk, mellom anna eit godt om van Gogh: «en sverm av sprikende skrifttegn/ over jordens ordløse grøde.» Attmed desse dikta finst det òg mindre gode tekstar konsulenten på eit større forlag nok hadde gjeve forfattaren beskjed om å arbeida vidare med.

Forma er tradisjonell, og sujetta er dei vanlege sentrallyriske emna: kjærleiken og døden. Nokre av dei beste dikta dreiar seg nettopp om døden, særleg eitt med desse fine sluttlinene: «Han venter til du kommer til grinda./ Da tar han hånden din/ og leder deg ut til nye/ land og riker.»

Men vi finn òg eit omfangsrikt dikt om vennskapet, som i rytmiske vers skildrar nærleiken og godhugen som kan oppstå mellom nære venner: «Vi lekte vi var på prærien/ under en brennende sol./ Vi diktet en hest og en stall,/ og i låven en grønn karjol.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement