Film

Terror minutt for minutt

BERLIN: Utøya 22. juli er eit knyttneveslag av ein film.

Andrea Berntzen spelar fenomenalt godt.
Andrea Berntzen spelar fenomenalt godt.
Publisert

Mange klappa, men det var også nokre få som bua etter pressevisninga på filmfestivalen i Berlin måndag. Det er knappe sju år sidan dei grufulle hendingane. Fleire tusen er direkte råka, anten dei var på Utøya eller er pårørande til nokon som var der. På eit vis vart heile Noreg traumatisert av 22. juli og den vonde tida som følgde. Over 23.000 har signert eit opprop på internett mot den komande Netflix-filmen om Utøya, regissert av Paul Greengrass, som kjem i vår. Også Poppes film vekte debatt og protestar lenge før nokon hadde sett han. Mange tykkjer det enno er for tidlig med ein film, såra er for ferske.

Greengrass’ kritikarroste film United 93 kom fem år etter terroråtaka i USA 11. september 2001. Var det for tidleg? Når er tida eigentleg inne?

Eksemplarisk løyst

Når ein først skulle lage ein film om terroren på Utøya, har eg vanskeleg for å sjå korleis ein kunne ha løyst det på ein betre måte enn Erik Poppe har gjort det. Som i Greengrass’ film om United Airlines rute 93 er tilskodaren floge på veggen medan marerittet utspelar seg minutt for minutt.

Godt spelt

Kameraet følgjer 18 år gamle Kaja, fenomenalt godt spela av Andrea Berntzen, frå litt over klokka 17 den 22. juli, då alt enno er tilnærma normalt, og gjennom dei 72 minutta skytinga varer. Med unntak av innleiinga om bomba i Oslo er heile filmen gjort i eitt opptak, noko som fører ein realistisk nerve og ein eigen intensitet til filmen. Lydbiletet er effektivt, kameraføringa klaustrofobisk, usminka og realistisk, utan å verke spekulativ, og dialogane speglar det mange av ungdomane faktisk snakka om medan marerittet stod på.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement