Musikk
Tid for glede
Nick Cave gir meir rom til The Bad Seeds, noko som kjennest heilt rett ved denne krossvegen.
Nick Cave har reindyrka ein ny nærleik til lyttarane, skriv Øyvind Vågnes.
Foto: Ian Allen
Det vil neppe overraske lesarar som har lytta til Nick Cave, at eg leitar fram eit ord som «overskridande» i møte med Wild God, det nye albumet veteranen har laga med The Bad Seeds. Det er ikkje første gongen det skjer i løpet av tiåra denne ekspansive, mangfaldige og tidvis kontrære kunstnarskapen har utfalda seg.
Med Cave, som går den vegen han sjølv finn rett, er det likevel stadig noko nytt som ligg i eit ord som «overskriding»: Wild God rommar omveltingar både på små og store vis, men også kontinuitet, og representerer nok eit fascinerande kapittel i ei større forteljing.
Ta «O Wow O Wow (How Wonderful She Is)», til dømes – jammen har også Cave funne fram vocoderen, ikkje heilt ulikt Lambchops Kurt Wagner, i ein song som rett og slett rettar eit undrande blikk mot det som er vakkert i tilværet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.