Bok
Tinderkliving
Eg er oppmuntra av Kathinka Steenstrups nedmuntrande roman om Tinder-røyndomen.
Kathinka Steenstrup er utdanna kriminolog og arbeider som konfliktrådsmeklar i straffesaker og som sinnemeistringsterapeut.
Foto: Agnete Brun
Lydia er 41 år og ikkje den mest husmoraktige kniven i skuffa. Heime flyt tinga, og sonen Nebbe bur det meste av tida hos faren Thomas, som Lydia elles er glad for å vere skild frå, då han er ein tørrpinn som har «tre yndlingstemaer: nasjonale transportplaner, langrenn og stavkirker».
I arbeidslivet som kriminolog er ho derimot dyktig og til å rekne med, der ho er spesialrådgivar innan vald og overgrep i politi- og lensmannsetaten.
Lydia har eit nært forhold til søstera Ivar (det er berre å godta namnet, forklaringa står i boka), ikkje like nært til faren deira, som har for vane å seie dei galne tinga uansett kvar han er. Men alle rundt ho ser ut til å ha behov for at Lydia snart finn seg ein ny mann, slik at ho kjem ut av «einsemda», som ho sjølv irritert hevdar at ho ikkje kjenner på. Det kan bli for mykje omsorg, for mykje innblanding.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.