Film
To «gode»veninner
To tenåringsjenter får fram det mørkaste i kvarandre i denne thrillerkomedien.
Dei to veninnene får etter kvart skumle planar.
Foto frå filmen
Amanda (Cooke) har eit forstyrrande karaktertrekk: ho føler ingenting, verken godt eller dårleg. Lily (Taylor-Joy) har eit meir gjengs karaktertrekk: Ho føler mykje, men uttrykker ingenting. Dei er barndomsveninner, men har ikkje sett kvarandre på lenge når vi først møter dei. Allereie tidleg er tonen sett i Thoroughbreds: ein mørk, humoristisk thriller som graviterer rundt den bisarre venskapen til to forskrudde jenter.
Hat
Lily hatar stefaren Mark (Sparks). Amanda blir interessert i Lilys undertrykte kjensler og ser at ho treng emosjonell livredning. Ho spør derfor Lily: Kvifor drep du ikkje berre Mark? Ført fram av Amanda går Lily gradvis inn i dei mørkaste kjenslene. Snart er dei i gang med å planlegge eit mord.
Thoroughbreds viser vondskapen i to tenåringsjenter, men gjer det på ein vittig måte. Langfilmdebutant Cory Finley er formsikker i filmspråket; kamerabruk, musikk og stemning har sjølvtillit og tyngde. Dei lange takingane, dei disharmoniske strykarane og dei mørke romma seier noko meir om personane.
Plottproblem
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.