Film
To sider av same India
Overklassemann fell for tenestejente i eit drama som er sterkast som skildring av det indiske klassesamfunnet.
Bryllaupet er avlyst, og hushjelpa Ratka (Shome) blir åleine med ungkaren Aswin (Gomber).
Ratka (Shome), ei ung enke frå landsbygda, reiser til Mumbai for å jobbe som hushjelp for eit nygift overklassepar. I det ho trer inn i det nye livet, får ho vite at noko har skjedd. Bryllaupet er avlyst, og Ratkas jobb er no å ta seg av han som no er ungkar, Ashwin (Gomber). Eller sir, som Rakta vørdsamt kallar han.
Kasteball
Sir er eit drama om umogleg kjærleik i det moderne, urbane India. Etter kvart som Ratka steller for Ashwin, ligg ein romanse i lufta. Men først og fremst er filmen ei utforsking av det rigide indiske klassesystemet. Hovudpersonen Ratka, som kjem frå underklassen, drøymer om eit liv som motedesignar. Ho prøver å gå i lære hjå ein skreddar, men får berre beskjed om å vaske og gjere ærend for han. Ashwin lever eit liv i overflod, men er konstant molefonken i blikket. Han budde ein gong i New York og var skribent, men flytta attende for å jobbe for faren, ein bustadentreprenør.
Klassekamp
«Eg trudde livet til rike berre var lett», forkynner Ratka til Ashwin i ei scene. Dei står på taket og ser ut over Mumbai. Ho skjønar at bak fasaden og velstanden er det ikkje berre lukke og fridom. I eit gjennompolarisert samfunn er alle til sjuande og sist slavar av systemet. Likevel er det ingen tvil om kvar regissør Rohena Gera har sympatien: hjå Ratka og kampen hennar for å klatre på den sosiale rangstigen. Ho er ein sterk karakter som er bygd ut med ei truverdig og interessant forhistorie.
Filmens problem er Ashwin. Gera har brukt så mykje tid på Ratkas perspektiv at karakteren hans blir blank og utan kjerne. Dermed spenner filmen også bein under si eiga kjærleikshistorie, som Ratka er den første til å vere skeptisk til. «Kva vil mor di seie?» kommenterer ho taktfullt. Det er ein romanse som aldri kan skje for open scene.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.