Film

Tom, teknologisk tale

Searching bruker mobiltelefonar og dataskjermar til å fortelje ei klassisk historie.

John Cho spelar enkemannen som leiter etter den sakna dottera si både i sosiale medium og ute.
John Cho spelar enkemannen som leiter etter den sakna dottera si både i sosiale medium og ute.
Publisert

Heile Searching er fortald gjennom data- og telefonskjermar. Rollefigurane filmar seg sjølve med mobilkameraet eller kommuniserer via sosiale medium. Det første bilete i filmen er av ein Windows-skjerm og fortel ei familiehistorie på få minutt. Vi følgjer enkemannen David (Cho) og tenåringsdottera Margot (La), som ein kveld ikkje kjem heim frå ei kollokviegruppe. David kontaktar politiet og får med seg etterforskaren Vick (Messing).

David begynner å leite etter dottera gjennom å snoke på datamaskina hennar. Facebook, Gmail, Youtube og Tumblr fungerer som digitale spor i jakta på Margot. Regidebutant Aneesh Chagant har fått mykje, men ikkje nødvendigvis velfortent, skryt for den kreative bruken av teknologi i filmspråket.

Searching startar originalt, men blir etter kvart ein føreseieleg thriller om ein sakna person. Den visuelle forteljinga har lite å seie om teknologiske paradoks, korleis teknologien både frigjer og framandgjer oss. Livet til Margot er i like stor grad levd ut via sosiale medium som i den verkelege verda.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement