Bok

Triveleg og trivielt

Jorid Mathiassen vil underhalde lesaren utan å gå særleg djupt i materien.

Jorid Mathiassen er forlagsredaktør og debuterer med sin første roman.
Jorid Mathiassen er forlagsredaktør og debuterer med sin første roman.
Publisert

Jorid Mathiassen, med opphav frå Dønna i Nordland, debuterer i ein alder av 57 år med ein roman som hentar handling frå helgelandskysten. Ho koplar saman nær notid (2009) med hendingar under andre verdskrigen, og lesaren blir kjent med 30-årige Linnea frå Oslo som har slått seg ned på den fiktive Hjartøya, der ho prøver å finne ut av seg sjølv, det nordnorske lynnet og ei tragisk kjærleikshistorie tilbake i 1942.

I det huset Linnea leiger, budde Marie og foreldra under krigen, og da foreldra døydde, tok Marie over huset. I huset finn Linnea fotoalbum, brev og ei adressebok som fører henne på sporet av kven Marie var, og kva som gjorde at ho valde å leve for seg sjølv i alle år etter krigen.

Under krigen reiste ho som tenåring til fiktive Rynes på fastlandet for å hjelpe søstera med pass og stell av ein veksande ungeflokk. Nær garden var det ein leir med serbiske krigsfangar som under brutale vilkår var med i bygginga av det som i ettertid er kalla Blodveien. Skildringa av fangeleiren bygger på faglitteratur kring lagnaden serbarfangane fekk i Noreg, både som gruppe og på individnivå, og Mathiassen viser både til ei kort kjeldeliste og eit tillegg med personlege erfaringar under arbeidet med romanen.

Flukt

Marie blir kjent med ein av fangane på Rynes, Jovan. Ho smuglar mat til han og hjelper han med å flykte til Sverige, men han blir tatt av tyskarane og avretta. Det kunne ha stansa der, men underhaldnings- og triviallitteraturen går gjerne lenger og lar Marie bli gravid og i det skjulte bere fram eit barn som søstera tar inn i familien som sitt eige. Dermed tvingar ho Marie inn i ei slags «glemselens pakt», og dette formar resten av livet til Marie. Likevel testamenterer ho ein større sum pengar til ein nær slektning av Jovan i dagens Serbia.

På notidsplanet er det Linnea som står i sentrum, men her manglar noko av den nerven og innlevinga Marie er skildra med. Også her er det eit barn inne i bildet, men Linnea har fjerna fosteret etter å ha brote med den gifte sjefen i det firmaet ho jobbar for som møbeldesignar. På Hjartøya møter ho Karsten, enkemann med tvillingdøtrer å ta seg av, og sidan han er ein sjarmerande elektrikar, oppstår det fort spenning mellom han og Linnea.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement